Vi registrerer innlegg i Sunnmørsposten som meiner at språknøytrale Ålesund omkrinsa av nynorskkomunar er ein bokmålsby, og at slik bør det vere.

Sunnmøre mållag meiner at det kan gje stor positiv merksemd viss Ålesund marknadsfører seg som nynorskbyen Ålesund. Kvifor ikkje sjå på nynorsken som ein ressurs for den nye kommunen? By og land – hand i hand.

Andre byar på Vestlandet tek mål av seg til å bli nynorskhovudstad – Bergen, Førde, Stord. Kvifor kan ikkje sunnmørshovudstaden ta mål av seg til det same?

Les tidlegare innlegg i denne debatten:

No når Ålesund går saman med fleire nynorskkommunar til ein ny kommune, så kan det vere eit høve til å auke nynorskprosenten i noverande Ålesund kommune. 11 barne- og ungdomsskular i Ålesund har nynorskelevar – i alt om lag 700. Kanskje fleire vil velje nynorsk i tida som kjem?

Ålesund er heimbyen til forfattarar som Hartvig Kiran og Marit Kaldhol.

Ålesund har Ivar Aasen gate og Ungdomslaget Ivar Aasen, som viser tilbake til nynorsken sin far.

Sunnmøre museum, som ligg i Ålesund, bruker nynorsk i all si verksemd.

Dette er nokre døme som viser at det er naturleg med nynorsk i sunnmørshovudstaden. Dei andre kommunane i nye Ålesund har berre nynorsk i skulen, i kyrkja og i kommunestyringa.

Avtalen om språkform i den nye kommunen tyder at staten og fylkeskommunen skal skrive på nynorsk når dei sender noko til Ålesund kommune. Stort sett vil dette vere dokument som berre politikarar og administrasjon les. Kor mange av innbyggjarane studerer kommunen si postliste kvar dag og les dokument der?

Dessutan skal det meste av det som kommunen produserer sjølv, vere på nynorsk. Men kommunale organ skal svare på skriv frå private i den målforma som er nytta i skrivet. Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes referat, notat og rapportar, samt skriv til innbyggjarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform. Så bokmålsbrukarane sine interesser blir ivaretekne på ein god måte.

Magnar StorøyTjørvåg, Leiar i Sunnmøre mållag

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.