De er begge dessverre ueinige med leiaren vår, Knut Arild Hareide, når han gir råd til partiet om kva veg KrF skal følgje framover. Du, Randi, vil støtte ei regjering der Frp har ein stor plass. Du, Steinar, peikar på ein tredje veg, å halde fram som eit støtteparti i opposisjon. Den høyrest i første omgang fornuftig ut. Vi har trass alt fått gjennomslag for mykje god KrF-politikk med dagens regjering.

Eit KrF som støttar Frp - er eit KrF eg har store vanskar med å identifisere meg med. Eg har også fått mange signal frå folk i heimbygda mi, Hareid, om at viss KrF går mot Sp og Ap, er partiet med eitt blitt eit parti dei kan tenkje seg å stemme på. Når det gjeld ytterfløypartia SV og Frp, er det slik at SV kanskje talar negativt om dei kristne grunnverdiane, men viser mellom anna i solidaritetspolitikken sin at dei er mykje på linje med KrF. Frp talar varmt om dei kristne grunnverdiane - mens Frp sin faktiske politikk viser noko heilt anna - for eksempel når det gjeld å fjerne sexkjøpslova, tillate aktiv dødshjelp, liberalisere abortlova og seie ja til tidleg ultralyd.

Basert på dagens politiske situasjon, gir Knut Arild Hareide eit tydeleg råd om kva han meiner er viktig å gjere for at partiet KrF skal overleve.

Eg støttar Knut Arild sitt vegval heilt og fullt, og eg ber om at de som er dei to fremste KrF-arane i Møre og Romsdal, ser til at valet av utsendingar til det ekstraordinære landsmøtet 2. november vert organisert på ein slik måte at det gir eit representativt og korrekt bilde av den politiske situasjonen i Møre og Romsdal KrF.

Randi Walderhaug Frisvoll. Foto: Nils Harald Ånstad