Administrasjonen vev stadig nye trådar for politikarane å gå seg fast i, og er så ivrig i tenesta at dei til og med bestiller rapportar som ingen andre har spurt etter.

Det gode med dette er sjølvsagt at denne vegen vår kjem til å stå fastare og tryggare enn noko anna prosjekt i vår lokale historie. Vedtaket og finansieringa blir rissa i stein.

Dei første setningane i det neste saksframlegget kan derfor vere: «Nordøyvegen er under bygging og skal no fullførast. Påhogga og forarbeida etter K1-K4 ligg som ei tydeleg stadfesting på politikarane sin vilje, evne og kreative gjennomføringskraft i lang tid for dette vegstykket som etter nasjonale målestokkar har ei usannsynleg høg grad av lokal finansiering.»

Private, næringslivet og kommunane stiller opp med til saman 627 millionar. Finst det eksempel på offentlege vegar i Noreg som har fått liknande bidrag? 515 millionar skal inn i bompengar i løpet av 20 år. Fylket vil spare rundt 960 millionar dei neste 40 åra ved å byggje vegen, syner analysen frå Deloitte. Den er forsøkt redusert, men ikkje sakleg motsagt.

I Kommunelova heiter mellom anna: «Administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet, og at vedtak blir iverksatt».

Saker skal altså vere forsvarleg greidd ut, men vedtak skal også setjast ut i livet.

Når dei folkevalde over så lang tid peikar i ei retning, er det etter kvart umogeleg å ha tillit til fylkesrådmannen.

«Privatpraktiserande motsegner» står fram ikkje som truverdige med tanke på det samrøystes målet om å realisere Nordøyvegen i fylkestinget vårt.