Laurdag kveld sa dei på TV at Knut Arild Hareide framleis vil opptre som KrF-eigar, og forhandle med dei raude viss forhandlingane med dei blå strandar. Men at dei blå er så vanskelege å forhandle med at fleirtalsregjering går fløyten, er vanskeleg å forstå.

Etter alle solemerke kjem KrF ikkje til å få plass på Stortinget dei komande 10 åra, akkurat slik som det er med Venstre i dag med 2,5 % veljaroppslutning. For det blir berre eit kort «intermesso» til stortingsvalet om to år. Då kjem sikkert Hareide til å trøble det han kan, slik at han får gå saman med Ap, SV, Sp og MDG med han og Støre i spissen. KrF har 3,5 % veljaroppslutning i dag. Så kan kanskje 1,5 % av veljarane fylgje Hareide på vegen. Ganske sikkert blir det ei trist framtid for KrF saman med dei raude. Faktisk blir det kanskje ikkje så mykje betre saman med dei blå heller. For KrF må det ha vore trist å sjå på utviklinga dei siste 30–40 åra. Då hadde KrF ein posisjon som dei har overlate til Frp. På siste gallupen var Frp betydeleg større enn KrF og Venstre til saman.

Naturlegvis treng Norge eit påliteleg kristenliberalt parti, men det får vi garantert ikkje med å gå saman med dei som vil gjere det forbode å lese for maten på skulen. No skal alle ete skulematen sin med capsen på snei snutt att fram, viss eleven sjølv ynskjer det. Læraren har ikkje lov til å seie noko.