«Det lukter mer av avfallsgebyret i andre kommuner, blant annet på ytre søre Sunnmøre», stod det i leiarartikkelen i Sunnmørsposten fredag. Lukta av renovasjonsgebyret i nedslagsfeltet til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, burde ikkje vere ukjent for avisa. Det er nemleg lukta av lokaldemokrati. Og etter vår meining er det ein verdi ein ikkje skal grine på nasen over.

Gebyrnivået til SSR ligg på det nivået som det gjer, på grunn av at politikarane i eigarkommunane våre har vedteke at innbyggjarane fortener eit godt tilbod.

Det handlar om at dei prioriterte utbygging av tre miljøstasjonar i staden for ein. Det handlar også om at sjølv om du bur på ei øy langt ut i havgapet, skal du få eit godt renovasjonstilbod.

Utrekningar for eit par år sidan viste at SSR prismessig var nest-billigast blant samanliknbare kystkommunar når det gjeld innhentingspris, altså kor mange kroner folk betaler per liter dei kan levere.

I år er det gjort ei ny samanlikning av renovasjonsselskap, som viser at vi har landets beste tilbod til innbyggjarane. Å ha eit slikt tilbod kostar litt ekstra, men politikarane har bestemt at folk i Hareid, Herøy, Ulstein og Sande fortener eit så bra tilbod.

Renovasjonsselskapa på Sunnmøre jobbar heile tida for å gi folk ei best mogleg teneste til lågast mogleg pris. Så klart skal media og innbyggjarane kike oss i korta. Det er sunt og viktig. Men ikkje sei at det stinkar av oss utan grunnlag.

Einar HeimdalDagleg leiar i SSR

Andrea SæverudKommunikasjonsansvarleg i SSR

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Dagleg leiar Einar Heimdal i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). Foto: SSR