Fylkesrådmannen har lagt fram økonomiplan for fylkeskommunen for 2019–2022. Der er han oppteken av konsekvensane av å fullføre Nordøyvegen.

Han skriv: «Frå 2023 må vi redusere drifta med om lag 200 mill. kroner per år for å oppnå balanse».

Kan dette vere rett?

Tala er tilgjengeleg og kan settast opp på ein meir oversiktleg måte, med investeringskostnader, finansiering og årlege driftskostnadar. Fylkesrådmannen ønskjer for dette prosjektet å ha ein uspesifisert kostnad på 425 mill. kroner med i kostnadskalkylen, pluss ein uspesifisert forventa kostnadssprekk på 489 mill. koner, til saman 913 mill. kroner. Eg legg det til grunn, men her må det vere eit enormt innsparingspotensiale! Eg tek likevel ikkje med vedlikehaldskostnader utover mot 2060-åra!

Totale investeringskostnadar inkl. byggelånsrenter: 5.596 mill. kroner. Derifrå går momskompensasjon (19 prosent): 1.022, Bompengebidrag, netto: 516, RDA Haram og Sandøy: 312, Tilskott I.P. Huse: 15, Rentekompensasjonsmidler: 11. Sum frådrag: 1.876. Lån som fylkeskommunen står att med etter byggetida for å finansiere byggekostnadane: 3.720 mill. kr.

Om ein føreset annuitetslån over 40 år med 3 prosent rente, gir det årlege kapitalkostnader for dette lånet på 160 mill. kroner. Innsparingar og driftsbidrag frå andre enn fylkeskommunen kjem til frådrag: Sparte driftskostnader ferjer og kaier: 71 mill. kroner, sparte kostnader hurtigbåt: 22 mill., Rentekompensasjonsmidler gjennomsnitt: 5 mill., kapitalkostnader for lån på 200 mill. dekt av nye Ålesund kommune: 12 mill, kapitalkostnader for lån 160 mill. dekt av Haram og Sandøy kommunar: 10 mill.

Sum frådrag 120 millionar. Netto årlege driftskostnader for sambandet, eks. vedlikehaldskostnadar: 40 mill. kroner.

Her er det rekna med 3 prosent rente. I dag får fylkeskommunar låne i Kommunalbanken til under 2 prosent rente.

Dersom Møre og Romsdal fylkeskommune må spare 200 mill. kroner per år frå 2023, er det i alle høve ikkje på grunn av Nordøyvegen.

Sjølv med 5 prosent rente vert netto årleg kostnad under hundre millionar.

Eit nettobeløp årleg på 40 millioner kroner bør politikarane finne plass til innanfor «regionale utviklingsmidlar». For det er nettopp det dette dreier seg om: Regional utvikling.

Nordøyvegen vil legge til rette for verdiskaping i tiåra framover, utnytting av ressursar i havet og på landjorda på alle Nordøyane, som vil gi grunnlag for vekst i næringsliv, arbeidsplassar og auka skatteinntekter både til kommunar og fylkeskommunen.

Anleggsarbeidet bør starte opp att utan meir utsetting.

Einar LandmarkFosnavåg