«Nordøyvegen stykkevis og delt, men realisert»

Bortkasta? Torleiv Rogne fryktar at tunnelpåhogga som er etablerte kan bli ståande til evig tid om fylkeskommunen seier nei til Nordøyvegen nå.  Foto: Staale Wattø

Innleggsforfattar: Torleiv Rogne frå Longva har lang erfaring frå fylkespolitikken. 

Leserinnlegg

Gjennom femti år har dette veg prosjektet versert i media og dei politiske  miljøa, og ofte har det vore framsnakka som at «no var det like rundt hjørnet».

Som nordøying og i mange år politikar, har eg fått vore på «innsida» av arbeidet med dette store prosjektet, på kommunenivå og fylkesnivå. Eg har vore av dei som hadde eit noko annleis syn på korleis dette prosjektet skulle få si løysing, men trufast mot vedtak i eiga kommune, har eg vald å  stø fleirtalet. No ser det ut til at våre topp-politikarar ser for seg  eit utfall som alt eller ingen ting grunna uoverkomeleg kostnad.

Sentrale aktørar kommenterer dette innlegget – les her

Kostnaden med prosjektet  har lengje synt ei utvikling som tilsa at prosjektet ikkje let seg realisere  grunna høge kostnader ,som vil gå utover den fylkeskommunale økonomien, og  dei andre områda fylkeskommunen har ansvaret for.

Har svart på 33 spørsmål

Guttelvik tar oppgjør med Sve - som svarer med å nekte å vurdere rådmannens lønn

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tar nå et oppgjør med Frps Frank Sve. Sve svarer med å nekte å delta i et utvalg som skal vurdere rådmannens lønn.


Det har ikkje vanta på løysingar på dette, mest fantasifullt var nok tanken om bompengar i 40 år. Ikkje mykje dårlegare er løysinga ved å auke bompengane til 200 kroner per tur. For folk flest vart vel turen til NAV det neste, og det var vel like greitt ?

Situasjonen for å berge prosjektet  Nordøyvegen for framtida, er å dele opp prosjektet.  Løysinga må då verte å : Setje Løvsøybrua på vent, og bruke ferje mellom Skjeltene og Hestøya som gjev ei overfartstid på 10 minuttar, dvs. 20 minuttars avgong til fastlandet frå øyane med bruk av ei ferje, og omvendt. Innsparinga ved utsett bygging av brua vil finansiere bygging av «rest – Nordøyveg» og bruken av ferje, samstundes som ferja også genererer arbeidsplassar i perioden. Det må sjølvsagt byggast ferjekai på Hestøya. Prosjektet Nordøyvegen må ha ei ferjekai i ruteområdet  også etter at Nordøvegen er ferdig som  alternativ når brua er stengd, noko som den vil verte i dårleg ver med  sine 42 meters  høgde.

Snur i synet på Nordøyvegen

Fylkesvaraordfører Gunn Berit Gjerde snur i synet på Nordøyvegen. - Jeg støtter forslaget til fylkesrådmannen, sier Gjerde.


Ved ei slik løysing vil ein likevel få knytt saman heile Nordøy–rekkja til ei sterkare eining.

Kor mykje ein vil spare med å setje Løvsøy-brua på vent, har eg ikkje oversyn over, men den ekspertise har samferdselavdelinga og administrasjonen,  men fleire hundre millionar kroner er innsparinga, om ikkje milliarden!

Somme vil han hende peike på at ein då også kan setje på vent Nogvafjordtunnelen mellom Fjørtoft og Skuløy/Flemsøy, men då missar ein  effekten av at Nordøyane vert eit sterkare bu og arbeidsområde. Det er likevel slik at det nok går an, då ein i dette ferjeområde framleis skal ha ei ferje i sambandet Brattvåg – Dryna, i alle fall fram til Møreaksen er realisert. Kva kostnad Nogvafjordtunnelen er rekna til , er innarbeidd i kostnaden  og soleis også kan gi ein innsparing på det totale kostnadsbiletet. Mest sparar ein på å setje på vent båe delane, men dette bør vere uaktuelt.

– Galskap å halde fram med Nordøyvegen

– Det vil vere galskap å gå vidare med Nordøyvegen slik prosjektet ligg føre no. Og med Nye Ålesund vil jo dette vere meir eit kommunalt prosjekt enn eit fylkeskommunalt prosjekt.

 

Eva Vinje Aurdal i skvis – mener Nordøyvegen blir avgjørende for nye Ålesund:

– Galskap å stoppe Nordøyvegen nå

– Det vil være galskap å stanse noe som vi har jobba så lenge med og brukt så mange midler på, sier Eva Vinje Aurdal (Ap).


Eg vonar på vegne av mange nordøyingar som no er til å misse motet , at politikarane sluttar med å finne løysingar som einsidig legg byrdene på dei bufaste på øyane ,som td langvarige bompengeperiodar og høg bompengesats.

Eg vil oppmode  fylkespolitikarane no å gå andre vegar for å redusere kostnaden : Del prosjektet opp, set Løvsøybrua på vent, bruk tunnelpåhogga til det dei er tenkt til – bygg tunnellane mellom øyane som planlagt. Då slepp me også at dei stygge såra vert ståande i lang tid - kanskje til evig tid.

Torleiv Rogne
Longva, tidlegare fylkespolitikar for Sunnmørslista

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.