I haust har abort på ny vore til debatt. Denne lova har no vore gjeldande i 40 år, og har nesten ikkje vore under debatt. Takka vere KrF, så makta dei no å få den på dagsorden i samband med regjeringsforhandlingane.

Spørsmålet no er om barnet i mors mage har nokre rettar i det heile i det norske samfunnet i 2018? Er det plass for å stille nokre spørsmål rundt abortsaka?

Det blir demonstrert hissig rundt omkring fordi ein står i fare for at nokre foster kan unngå å bli fjerna frå mors liv! Kampen står jo om kvinner sin rett til å fjerne det forsvarslause, uskuldige barnet i mors mage.

Det blir omtalt som å bestemme over eigen kropp. Det er og blir feil, fordi det er barnet sin kropp og sitt liv det dreier seg om. Livet tek til ved unnfanginga, og barnet ønskjer jo ikkje å bli fråteke livet.

Vi bestemmer over kroppen vår og det gjeld og før unnfanginga. Det normlause samfunnet har vore i full utvikling lenge, og etter 1978 er 630.000 barn fjerna frå livet med staten si godkjenning og for staten si rekning. For å erstatte folkenedgangen har nasjonen tatt inn ei stor gruppe fjernkulturelle, der mange er muslimar.

Er du usikker på om utviklinga går i rett lei, så må du vurdere standpunktet ditt.

Ole G. SteenPDK

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Livet tek til ved unnfanginga. Abort handlar om barnet sine rettar, meiner Ole Steen.