Abortlova:

«Då eg berre var eit foster»

Abortlova: Tidlegare stortingsrepresentant for KrF, Kjell Furnes, reagerer på motstanden mot å endre abortlova. Han meiner det er viktigare å sjå at fosteret sine rettar er sett i spel med dagens lov.  Foto: Nils Harald Ånstad

Tenk om vi kunne reise respekten for livet, også det ufødde, på nytt!

Ytring

Eg slår opp Sunnmørsposten måndag til overskrifta «Viste fingeren til Erna». I andre aviser og TV blir det slått opp at mange har protestert mot endring av abortlova. Slagord som «Sett ikke abortlova i spill» viser stort engasjement. Same morgon slår eg opp ei andaktsbok der dette ordet møter meg: «Dine augo såg meg, då eg berre var eit foster». (Sal. 139,16) Kanskje vi kunne ta med oss dette også? Gud den allmektige, livets skaper, ser kvar livsspire under ei mor sitt hjarte. Det nye livet er viktig for han! «Sett ikke abortlova i spill»? Er det ikkje ofte slik at det er det ufødde barnet som kjem «i spill»?

Mykje i det siste har gått på fosterets manglar eller framtidig funksjonsdugleik. Dette er kjenslevare forhold for barn og foreldre. Det har vore fint å lese intervju i avisa Dagen der unge med ei diagnose som etter lova opnar for abort, stig fram med glade «vitnemål», ei som mor til to og ein som no er kandidat til å ta del i paralympics. Verdifulle menneske til stor glede for andre.

Ved tvillingabort får eitt barn leve og vekse opp og eitt blir tatt bort. Det er òg ei kjensgjerning, om ikkje det skjer ved valdtekt, at kvinne og mann frivillig og med fullt ansvar set i gong livsprosessen fosteret. Det er også ei kjensgjerning at dei fleste av ca. 14.000 som blir tekne bort ved abort pr. år er friske, mykje fordi det «ikkje passar» å bere dei fram.

For nokre dagar sidan kunne vi i VG om fleire som hadde teke abort. Ei hadde blitt pressa av sambuar og familie, ei hadde teke fleire abortar for det «ikkje passa» å bere det fram. Eg merka meg at enkelte av dei bar på sorg og smerte etter mange år. Dei som arbeider med sjelesorg veit mykje om dette.


Forholdet til livet, og livet sin verdi, har endra seg mykje i det norske folk dei siste ti-åra. Det vert opplyst at ca. 630.000 abortar har blitt utført sidan lova kom til. For ca. 40 år sidan vart det sett i gong ein underskriftskampanje mot abortlova. 630.000 skreiv under.

Tenk om vi kunne reise respekten for livet, også det ufødde, på nytt! Tenk om det kunne bli eit samarbeid mellom dei som har problem med å ta vare på barnet sitt og dei mange som ynskjer å adoptere? Mykje positivt kunne blitt oppnådd ved dette. «Dine augo såg meg, då eg berre var eit foster.»

Kjell Furnes
Valderøy

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.