Fleire og fleire meiner at politikarane sviktar ungdommen ved å byggje Nordøyvegen, og påstår at det er feil å bruke pengar på veg i staden for skule. Det er ei gedigen avsporing av ein debatt som handlar om å realisere eit prosjekt som har vore planlagt i fleire tiår.

Dessverre har mange gløymt kvifor fylkeskommunen har kome i økonomisk knipe. Etter snart åtte år med Ap ved makta, har dei vist at dei ikkje rår å styre fylket edrueleg. For er det nokon som verkeleg har svikta ungdom i Møre og Romsdal, så er det Arbeidarpartiet.

Lat oss ta kollektiv som eit døme. I løpet av dei åra som Ap har styrt fylket, så har ikkje busstilbodet i noko som helst tidsrom vore godt nok, og først når NTNU kom til Ålesund skjønte ein at her måtte noko gjerast. Den einaste Arbeidarpartiet har klart, er å auke prisen på periodebillett for ungdom.

I tillegg har elevorganisasjonen og diverse lærarar og tillitsvalde kome med kritikk mot Nordøyvegen.

Dei gjer dette med å sette prosjektet direkte opp mot ungdom i fylket.

Det er ei svartmåling og ei polarisering av debatten som vi ikkje treng i ei så viktig sak.

Nordøyvegen må byggjast, og det er ein føresetnad for at nye Ålesund kommune skal verte ei framtidsretta kommune. Samstundes er det viktig å vise at Møre og Romsdal som region kan klare å byggje store vegprosjekt utan å måtte bli ein del av Trøndelag eller Vestland.

Dette er i aller høgste grad ei investering for ungdom i fylket. Dersom Nordøyvegen ikkje blir realisert, så kan de fortelje all ungdom i Surnadal, Sunndal, Aukra, Midsund, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Sande at dei aldri kjem til å få bru eller tunnel. Om ikkje det er oppskrifta på avfolking av ungdom i distrikta, så veit ikkje eg.

Oppgåva til politikarar er å gjere harde prioriteringar, og det har Ap vist at dei ikkje er i stand til. Når Framstegspartiet kjem til makta i fylkeskommunen i 2019, så kan vi garantere at skule vert prioritert, samstundes som Nordøyvegen vert bygd.