Nordøyvegen:

«Ungdommens talspersonar?»

NORDØYVEGEN: Til høgre i bildet ser vi Hestøya, der Nordøyvegen eventuelt vil dukke ned i tunnel til Haramsøya.  Foto: Morten Hjertø

Ytring

Fleire og fleire meiner at politikarane sviktar ungdommen ved å byggje Nordøyvegen, og påstår at det er feil å bruke pengar på veg i staden for skule. Det er ei gedigen avsporing av ein debatt som handlar om å realisere eit prosjekt som har vore planlagt i fleire tiår.

Dessverre har mange gløymt kvifor fylkeskommunen har kome i økonomisk knipe. Etter snart åtte år med Ap ved makta, har dei vist at dei ikkje rår å styre fylket edrueleg. For er det nokon som verkeleg har svikta ungdom i Møre og Romsdal, så er det Arbeidarpartiet.

Lat oss ta kollektiv som eit døme. I løpet av dei åra som Ap har styrt fylket, så har ikkje busstilbodet i noko som helst tidsrom vore godt nok, og først når NTNU kom til Ålesund skjønte ein at her måtte noko gjerast. Den einaste Arbeidarpartiet har klart, er å auke prisen på periodebillett for ungdom.

I tillegg har elevorganisasjonen og diverse lærarar og tillitsvalde kome med kritikk mot Nordøyvegen.

Dei gjer dette med å sette prosjektet direkte opp mot ungdom i fylket.

Det er ei svartmåling og ei polarisering av debatten som vi ikkje treng i ei så viktig sak.


Leiaren av ungdomsrådet i Ørsta: – Det er pinleg med Robek

Nordøyvegen kan skape finansieringstrøbbel for etterlengta, nye skulebygg i Ørsta.

Fylket sin dårlege økonomi skuldast ikkje Nordøyvegen, tvert i mot kan den spare fylkeskommunen for hundretals millionar i framtida ved å få fjerna underskotsdekninga på ferjestrekningane.

Nordøyvegen må byggjast, og det er ein føresetnad for at nye Ålesund kommune skal verte ei framtidsretta kommune. Samstundes er det viktig å vise at Møre og Romsdal som region kan klare å byggje store vegprosjekt utan å måtte bli ein del av Trøndelag eller Vestland.


Åtte ordførere i Romsdal reagerer:

Ordførerne i ROR svarer på Frank Sve sine angrep

Regionråd i Romsdal går hardt ut i felles pressemelding.

Det einaste ein oppnår med å ikkje byggje Nordøyvegen er eit handlingslamma og splitta fylke som aldri kan realisere noko viktige vegprosjekt i framtida.

Dette er i aller høgste grad ei investering for ungdom i fylket. Dersom Nordøyvegen ikkje blir realisert, så kan de fortelje all ungdom i Surnadal, Sunndal, Aukra, Midsund, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Sande at dei aldri kjem til å få bru eller tunnel. Om ikkje det er oppskrifta på avfolking av ungdom i distrikta, så veit ikkje eg.


Kommenterer innlegget frå Torleiv Rogne

Nordøyvegen: – Å dele opp prosjektet er som å ta ut halvparten av eit korthus

Sentrale aktørar i kampen om Nordøyvegen slaktar debattinnlegget frå Torleiv Rogne.

Det er på tide at dei som har styrt fylket, stikk fingeren i jorda. Å skulde på Nordøyvegen er å springe frå problema som dei sjølve har skapt.

Oppgåva til politikarar er å gjere harde prioriteringar, og det har Ap vist at dei ikkje er i stand til. Når Framstegspartiet kjem til makta i fylkeskommunen i 2019, så kan vi garantere at skule vert prioritert, samstundes som Nordøyvegen vert bygd.


Ytring:

«Forskjell på store og små tal»

Det har i den siste tida vore mykje fokus på «store tal» i lokalpressa. Og då tenkjer eg på underskota i dei lokale verksemdene, verksemder som treng tilførsel av ny eigenkapital og på overskridingane på ulike kommunale og fylkeskommunale prosjekt som Ulstein Arena og no Nordøyvegen.