«Det er ferjer som skal bort, ikkje skular»

Det er ferjer som skal bort – ikkje vidaregåande skular – når Nordøyvegen kjem i 2023.

Nordøyvegen - Prosjektkontor, Skjelten.  Foto: Nils Harald Ånstad

Ytring

Kanskje ei ny kontantstraumanalyse som gjer at trua og håpet om Nordøyvegen smittar til heile fylket.

Ein veg som er klarert arkeologisk, som planlegg tunnel for ein hubro, som er starta med fem enorme tunnelpåhogg i landskapet på Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, Fjørtoft og Harøy må sjølvsagt realiserast. Det er gjort eit kreativt meisterverk i lokal økonomireisning etter at anbodet sprengde kostnadsramma i sommar. Nye midlar er løyvde. Ein omkamp om sjølve eksistensen til dette ferjeavløysingssambandet er unødvendig.

No må finansieringa stå rissa i fjell, med anerkjente Deloitte og våre fremste skulemiljø gjennom Høgskulen i Molde og NTNU som sanningsvitne. Måndag kom endeleg meldinga om at fylkesrådmannen vedgår ein tabbe som alle andre har sett lenge. No har administrasjonens gode hjelparar Atkins og Oslo Economics også sett lyset, og vedgått feil.

Tanken om å bruke ferjeavløysingsmidlar til å finansiere faste vegsamband, seiest å vere fødd i Haram. Første gong den vart brukt i fylket, var ved realiseringa av Imarsundsambandet på Nordmøre. Den gongen var dette nødvendig for at kommunane Tustna og Aure skulle slå seg saman. No er det nye Ålesund med 65.000 innbyggarar og heile regionen som skal bindast saman.

I 1997 sette fylkestinget i Møre og Romsdal opp Nordøyvegen på 1.-plass av fire prioriterte samband. Dei tre andre var altså Imarsundsambandet (realisert 2007), Atlanterhavstunnelen (realisert 2009) og Todalsfjordsambandet som skal gje fast samband mellom kommunane Surnadal og Sunndal (ventar på realisering).

Det må igjen og igjen sterkast under at Nordøyvegen si finansiering er tufta på at ferjer og hurtigbåtar forsvinn for eit fast samband. Bortfall av ferjer gir auka inntekt til vegen, ikkje pengar til bygging av skular.