Kombinasjon av tekniske tiltak, nye energikjelder og miljøtilpassa fiskeripolitikk er langt meir effektive virkemiddel, enn å auke CO2-avgifta. Den havgåande flåten fiskar meir enn 80 prosent av kvantumet som blir landa av norske fiskefartøy. Det er vanleg med fangstturar på meir enn ein månad for dei største fartøya, og store delar av kystflåten er også ute i lengre periodar. Lengre fangstturar er eit viktig bidrag for å få ned klimautsleppa, då det fører til meir effektivt fiske og redusert transport. Samtidig set dette klare grenser for kva slags utsleppsreduserande tiltak som kan innførast.

I dag har ikkje fiskeflåten noko reelt alternativ til fossilt drivstoff. Sjølv om det blir stadig vanlegare å installere batteripakkar for å optimalisere motorbelastninga på nybygg i fiskeflåten, er det ei grense for kor store reduksjonar det er mogleg å oppnå. Det finnast ingen enkle snarvegar for fiskeflåten.

Ein auke i CO2-avgifta vil difor i svært liten grad utløyse tekniske tiltak for å redusere utsleppa. I dag finst få kostnadseffektive tiltak som gir store reduksjonar i klimagassutsleppa. Dette gjeld særleg for eksisterande fartøy. I tillegg er fleire av tiltaka så kostbare at dei er avhengig av støtte for å bli realisert. Så langt har NOx-fondet og ENOVA spelt ei viktig rolle for å få implementert energieffektiviserande tiltak i fiskeflåten. I framtida kan eit CO2-fond for fiskeflåten vere ein bidragsytar for å framskunde prosessen.

Ei auka CO2-avgift vil truleg endre åtferda til fiskeflåten, som igjen kan føre til reduksjon av utsleppa av klimagassar. Dette vil i første rekke vere gjennom større fangstinnsats i gytesesongane når fisken er lett å fange, og bortfall av fiskeri med låg lønsemd. Ei slik utvikling vil samtidig bryte med måla i fiskeripolitikken om å hauste av tilgjengelege ressursar, og utvide fangstsesongane av omsyn til fiskeindustrien på land.

Fisk frå havet er klimavennleg protein, som trengs for å mette ei stadig aukande befolkning. Etter vår meining er det difor feil å etablere ein avgiftspolitikk som gjer at Norge ikkje vil vere i stand til å utnytte norske kvoterettar og som reduserer verdiskapinga frå havet. Det vil også vere uheldig om Norge ikkje kan utvikle nye fiskeri fordi det vil føre til utsleppsauke i fiskeflåten.

Vi meiner det er mogleg å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten, utan at det får uheldige konsekvensar. Fiskeflåten har allereie oppnådd gode resultat gjennom forskjellige strukturtiltak, som inneber ei tilpassing av kapasiteten til ressursgrunnlaget. Det er framleis mogleg å gjere mykje på dette området, men her beveger vi oss inn på omstridde fiskeripolitiske spørsmål.

Vi fryktar at ei auka CO2-avgift vil svekke lønnsemda i fiskeflåten, som igjen fører til seinare fornying av flåten. Dette vil vere svært uheldig, sidan det i første rekke er ved fornying at nye energikilder blir tatt i bruk og energieffektiviteten aukar. Til dømes har investeringar i nye kjøleanlegg vore svært viktig for å redusere klimagassutsleppa så langt.

Den norske fiskeflåten betalar i dag både NOx-avgift og CO2-avgift som regjeringa har varsla at dei vil auke. Fiskerinæringa er ei konkurranseutsett næring, som eksporterer meir enn 95 prosent av det kvantumet som blir fiska på norsk kvote. Det er ei grense for kor langt det er mogleg å avgiftslegge den norske fiskeflåten i forhold til det som skjer i andre land utan at det får store negative følgjer. Konkurransesituasjonen er bakgrunnen for at prosessindustrien i Norge har slept unna omtrent alle avgifter. Dei same argumenta gjeld også for fiskeflåten.

Å auke CO2-avgifta er difor feil medisin for å stimulere til reduksjon av utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten. Vi jobbar aktivt for å redusere utsleppa, men skal det framleis vere eit mål å hauste av ressursane i havet, er dei viktigaste tiltaka for å redusere utslappa frå fiskeflåten i fiskeripolitikken, og ikkje i avgiftspolitikken.