Men det er vel ikkje rart, sidan det ikkje finst så mange arbeidarar att, som kan betale kontingenten, no når det meste av arbeidet blir robotisert. I staden for å høyre på synsarar og forståsegpåarar i Ap, bør ein heller høyre på og lese Ivar Hellebust, Longva, (som bur der ute), sitt innlegg om Nordøyvegen, i Sunnmørsposten:

På Sunnmøre har vi då også «den maritime klyngja», som er med på å auka verdiskapinga ved kysten. Der er då allereie fleire høgteknologiske bedrifter, som vil nyte godt av denne vegen, både når det gjeld å få inn råmateriale og å levere ferdige produkt. Og kva skal alle desse nyrike innlandssunnmøringane bruke pengane sine til no når dei har selt alle møbelfabrikkane til kinesarar? Det blir vel til at dei set opp større hyttekompleks på Haramsøya eller Fjørtofta hvis dei kan svisje seg ut dit ut, på nyvegen, med Teslaen i helgene. Dei må då også ha havn for yachtane sine der, for det blir altfor langt å reise med den heilt inne frå fjordane.

Som dykk og fylkestinget tydelegvis ikkje veit, så er Møre og Romsdal det nest største eksportfylket i Norge, berre så vidt slått av Hordaland, men dei har også dobbelt så mange innbyggarar, som dette fylket. I 2016 eksporterte Møre og Romsdal verdiar for 39 milliardar kroner, og då var olje og gass halden utanfor. Etter det har eksporten frå fylket stige kraftig. Så eg forstår virkelig ikkje kvifor fylkestinget med Arbeidarpartiet i spissen står med hua i handa og med mottoet: « Eg vil, eg vil, men får det ikkje til», når dei i staden burde «stå på krava framfor regjeringa» med mottoet:» Vi vågar - og vi vinn!»

PS: Det er vel val att snart, og då er det vel på høg tid å skifte ut dette tamme fylkestinget med noko meir framtidsretta.