Den andre ferja som skal inn på sambandet i februar, har fått namnet M/F Suløy. Den tredje ferja som skal inn på sambandet i mars, har fått namnet M/F Giskøy.

Det er her gjort dårlege namneval. Det er ingen stad som heiter Hadarøy. Det gamle øynamnet er Hod, som seinare har gått over til Hareidlandet. Etter gammalnorsk bøying, er Hadar genitivforma av Hod; slik sett har Hadarøy noko av det gamle øynamnet i seg. Men det hadde vore betre å kalle den nye ferja M/F Hod eller M/F Hareid. Hareid er ei forkorting av Hadareid; eidet mellom Hareid og Ulsteinvik.

Den andre ferja har fått namnet M/F Suløy, og den tredje ferja namnet M/F Giskøy. Her er det også to oppkonstruerte namn. Det er ingen stader som heiter Suløy eller Giskøy.

Ein er her tilbake i dansketida, då ø eller øy vart hengde på ei rekke øynamn. Tidlegare professor ved Universitetet i Bergen, Oddvar Nes, var den fremste eksperten på norske stadnamn. Nes var svært oppteken av dei gamle øynamna på Sunnmøre, som han meinte kan hende var frå før norrøn tid. Mellom desse gamle og korte øynamna, er Sula og Giske.

Det naturlege namnevalet for dei to ferjene hadde difor vore M/F Sula og M/F Giske. Det er enno ikkje for seint å snu i denne saka; iallfall ikkje for dei to siste ferjene.

Ein burde her ha nytta seg av ein namnekonsulent eller Norsk språkråd før ferjene fekk namn.