Eg er mellom dei som hugsar tida før vi fekk renovasjonsordning og måtte snike oss ut i skyminga og liksom misse ein pose søppel over brukanten. Heldigvis er den tida over og takk og pris for at vi har fått orden på søppelhandteringa. Men det betyr ikkje at alt er perfekt. Årim kan gjere meir og bli betre.

Årim skal arbeide for både miljøet og abonnentane, det er viktig å hugse. Av omsyn til miljøet må bilkøyring reduserast til heilt nødvendige. For å unngå unødvendig og miljøbelastande transport av matavfall, bør Årim motivere til heimekompostering. Det motsette er tilfelle i dag. Kompostabonnentane betalar ein urettferdig høg pris for servicen Årim yter.

Av avisinnlegga til leiaren, ser det heller ikkje ut til at Årim har særlege ambisjonar om å få fleire kompostkundar og dermed redusere klimagassutsleppa forårsaka av transport. Leiaren gir signal om at det er ei ordning for fåtalet og dei spesielt miljøinteresserte.

Dersom han har rett i det, er det sørgeleg at svaret frå Årim ser ut vere resignasjon og fleire søppelbilar som transporterer matavfallet ut av fylket vårt. Nei, ein offensiv leiar ville sjølvsagt gjere noko heilt anna, nemleg finne tiltak for auka komposteringsviljen.

Korleis? Jau:

• ved å tilby alle abonnentar gratis komposteringskurs slik dei gjer i mange andre kommunar.

• ved å skaffe kundane billige komposteringsdunkar gjennom fordelane ved storinnkjøp.

• ved å ha kurs i bokashimetoden, ein metode som gir både god jord, gjødsel og ikkje treng torvstrø.

Årimleiaren har også skrive at kompostering kan vere vanskeleg, men det er ikkje tilfelle med bokashi eller rett sort kompostdunk. Den vi har, held høg nok temperatur til at vi kan kompostere året rundt.

Vi kompostkundar er ekstra lønsame for Årim, vi forstår det, med ein symbolsk liten reduksjon i avgifta og henting av søppel ein gong kvar månad. Men dette kan då vel ikkje vere grunnen til at Årim er så passive og ser ut til å mangle strateg for å få til meir kompostering og dermed redusert biltrafikk? Omsynet til miljøet bør vel telje meir?

Elles er det viktigaste, som leiaren seier, å ete opp maten. Det er best for både lommeboka, miljøet og samvitet.

Reidun Klock TjervågØrskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Reidun Klock Tjervåg. Foto: Alexander Worren