Eg likar å reise med ferje. Stadig fleire og moderne ferjer frå Fjord1 er berre å glede seg over. Omsider har eg også fått i orden mitt nye autopass/ferje. Og for nokre dagar sidan vart dette ferjekortet prøvd for første gong.

På god nynorsk står det øvst på billetten: Salskvittering. Og sjølvsagt namnet på dei to respektive ferjekaiene frå/til, samt at det vart betalt for 1 bil og 1 honnør. Men her var ikkje spesifisert kva pris som vart betalt, verken for 1 bil eller 1 honnør. Ved billettering med mitt førre ferjekort, fekk eg nemleg alltid ei billettkvittering som viste spesifiserte prisar, og restsummen på kortet...

Men no er det visst ei ny tid! Alle skal måtte gå inn på nettet for sjølv å sjå desse detaljane. Neste gong eg reiser med ferje, vil eg jammen betale kontant for om muleg å få sjå kva det då står på billetten si «Salskvittering». Vil det etter kvart også bli slutt på spesifiserte prisar når ein handlar varer og tenester andre stader?!