Leserinnlegg om sjukehus:

«Ansvaret er ditt, Høie!»

All respekt til deg, Høie, om du legg ned helseforetaka

Sissel Anita Øien Hareide

Helseminister Bent Høie (H).  Foto: NTB Scanpix

Ytring

Ansvaret er ditt, helseminister Bent Høie! Du kan og bør fjerne både helseforetaka og den djupt urettvise finansieringsmodellen.

Du kan og bør fjerne storparten av alle byråkratistillingar rundt om i helseforetaka, stillingar som ikkje er naudsynte for at pasientane skal få optimal behandling. Det vert fort pengar til god pasientbehandling av dette.

Helseforetaksmodellen, Magnussenmodellen og Kvinnslandutvalget krydra med sterk sentraliseringsiver, for ei herleg suppe!

Sentraliseringsiveren, spesielt i ditt eige parti, og ansvarsfråskrivinga tek kraftig strupetak på store delar av helsevesenet. Både primær- og spesialisthelsetenesta får svi, og som kronikkforfattar Heggen i Sunnmørsposten fredag 8. februar så velgrunna seier, det er pasientane som vert sitjande med Svarte-Per.

Meninger:

«Legg ned helseforetakene!»

Historien om etableringen av helseforetaksreformen for seksten år siden er en historie om et prosjekt som ble dyttet gjennom på rekordfart.


Helseminister Høie, eg ber deg leggje handa på hjarta og svare alle oss som bur ute i distrikta:

Trur du verkeleg at få og store einingar er det som skal til når det hastar som mest?

Trur du at eit stort Mjøssjukehus, eit storsjukehus i Mo i Rana, samanslåingar heilt nord i landet osb osb er vegen å gå?

Kutta sett frå sjukehusgolvet:

Eg leikar Gud. I motsetning til meg, er Gud overalt. Eg må kjempe for å vere her hjå «Berit». Eg må berre satse på at dei andre toler å vente. Det gjer dei heldigvis nesten alltid.

Eg er ein av desse du ser haste over linoleumsgolvet i den pulserande bygningen. Ein av dei i andre enden av telefonrøyret når du ringjer 113.


Kvifor tillet du at fagleg sterke miljø som dei på Aure og Mork skal øydeleggjast?

All respekt til deg, Høie, om du legg ned helseforetaka.

Sissel Anita Øyen Hareide
Sjukehusfysioterapeut, Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.