Kronikk om bokbåten Epos:

«Ei stille byråkratstyrt avvikling»

Det skjer ei stille avvikling av bokbåten i Møre og Romsdal. Ein bevisst strategi frå kulturbyråkratane i fylkeshuset i Molde.

Siste seglas? Bokbåten «Epos» på veg frå Alnes etter sitt siste oppdrag på Sunnmøre og det som kan vere slutten for meir enn 50 år med bokbåtteneste for leseglade og kulturhungrige brukarar i Møre og Romsdal. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Ytring

Etter 106 turar og 56 års drift kan turen bokbåten la ut på den 21. januar verte den siste om fylkeskultursjef og fylkesbiblioteksjef får det som dei vil.

Bokbåttenesta starta i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane i 1964 med båten Epos. Då hadde tenesta vore i drift i Hordaland sidan 1959 med ulike båtar.

Båten er ein institusjon langs kysten og i fjordane. Tenesta har utvikla seg i takt med skiftande tider og utviklingstrekk i samfunnet. I tillegg til utlån av bøker har bokbåten ei viktig oppgåve som formidlar av levande profesjonell kultur. Også i vår digitaliserte underhaldningstid står barna forventningsfulle på kaia når båten kjem.

Bokbåten «Epos» er trua av nedlegging - igjen: – Det er vemodig, dette. Det er det, altså

Tenesta har etter kvart retta tilbodet sine meir og meir mot barna. Om bord er det fokus på leselyst og leseglede. Det vert lagt vekt på å ha eit godt tilbod av nynorske barnebøker og nye aktuelle bøker for barn. Bokbåten har tett samarbeid med skular og barnehagar. Skulane nyttar bokbåtbøkene som supplement til eigne små og uaktuelle boksamlingar. Dette er viktige bidrag til å styrke barnehagen og skulen sitt arbeid med aktiv språkstimulering og til å etablere gode lesevanar til barna.

I desse små forholda er det eit unikt høve til møte og samtale mellom barn og profesjonelle utøvarar av kunstuttrykk som musikk, sang, teikning, forteljing scenekunst, litteratur mfl.

Bokbåten Epos er unik! Konseptet bibliotek og kulturarena med teater er denne åleine om i heile verda. Difor vekkjer bokbåttenesta på Vestlandet internasjonalt merksemd. Epos har blitt presentert på fleire internasjonale konferansar og i reportasjar i utanlandske tidsskrift og media. Det bør altså kvile eit ekstra ansvar på dei (snart 2) fylkeskommunane til at båt/teneste ikkje går ut av historia!

Sjå video:

Bokbåten er igjen trua av nedlegging. Fredag la han frå kai på Alnes og dette kan ha vore den siste turen til «Epos» i Møre og Romsdal. Ein aksjon er sett i gang for å redde det flytande biblioteket.

Eg påstår at kulturbyråkratane i fylkeskommunen i det stille avviklar bokbåttenesta slik vi kjenner ho i dag. Eigentleg ønska dei å avslutte drifta allereie etter vårturen 2018, men 4. juni i fjor avgjorde fylkesutvalet i Møre og Romsdal at bokbåten skulle gå eitt år til i fylket.

Dels er ønsket om nedlegging grunngjeve med at fylkesbiblioteket har fått endra arbeidsoppgåver, dels med at pengane kan brukast betre via Den kulturelle skulesekken og dels med at Epos er for dårleg/liten.

For oss ser det ut til at fylkeskommunen går inn for ei stille avvikling av bokbåttenesta utan å prøve å sjå korleis ein kan fornye og modernisere den.

Sidan hausten 2017 er turneen redusert frå 23 til 17 dagar. Talet på stadar som får besøk er redusert frå 76 til 55. Liggetida ved mange stopp er redusert til ein time. Det gir lite tid til å låne bøker. Det er lagt opp til «skulestopp» etter skuletid. Ettermiddagstoppa, då båten var open for barn og foreldre, er redusert frå 16 til 4 og ingen av desse har kulturprogram. Mangel på kulturprogram på desse stoppa er også eit grep for å gjere tenesta mindre interessant.

Det har ikkje med økonomi å gjere. Ei ekstra førestilling kostar ikkje ekstra når utøvarane har dagshonorar. Det er heller ikkje kulturprogram på stoppa som får besøk laurdag og søndag. Dette vil sjølvsagt gjere interessa frå familiane mindre. Følgjene er færre besøk og mindre utlån, som i byråkratane sitt hovud betyr nedlegging!

Møre og Romsdal er eit maritimt fylke. Dei som no veks opp og som vi ynskjer skal bu og arbeide her har få høve som barn til å verte kjent med båt og sjø før dei skal velje utdanning og yrke. Slik er bokbåten for mange barn den første opplevinga med båt. Dei fleste opplever besøket om bord som hyggeleg og spanande, som for nokon kan vere spiren til ei maritim karriere.

I konseptet Bokbåten på Vestlandet har det alltid vore eit tett samansveisa miljø mellom mannskap, kultur og bibliotekar ved at alle bur og har mat i lag. Det er no lagt ned forbod for bibliotekarane å bu om bord. Frå hausten i fjor måtte bibliotekarane bu på hotell. Båten må då etter endt dag gå til ein stad der det finst hotell. Tidlegare gjekk båten til neste dags stopp for overnatting. I løpet av dei fem første dagane av turneen båten er ute på no, vart det brukt fem ekstra timar for å frakte bibliotekarane til ein overnattingsstad.

I eit miljøperspektiv er ikkje dette bra! Heller ikkje for ei slunken fylkeskommunal kasse er det bra å betale 1000-vis meir for noko som ein likevel får rimeleg av båteigar. Grunngjevinga er visst HMS-reglar. Han som skriv dette har 42 år fartstid frå bokbåten, og har ikkje tatt skade av å bu om bord. Bokbåten er ingen luksusbåt, men har hyggelege lugarar med eigen vask med kaldt og varmt vatn, to toalett og eit bad med dusj – alt ein treng for ein slik kort tur.


Foreslår drift av «Epos» etter «Hordalandsmodellen»:

12 bibliotekssjefer slår ring om bokbåten

– Vi synes det er ille hvis bokbåten blir lagt ned. Derfor lanserer vi en slags dugnad. Vi vil strekke oss langt for å bevare den unike kulturtjenesten langs kysten, sier Tove Aurdal Hjellnes, biblioteksjef i Volda.


Båten vert kontinuerleg oppgradert og halden i god stand. Toalett, dusjrom og bysse var nye for få år sidan. Epos vart nyklassa i 2018 utan pålegg, og i 2016 fekk båten internasjonalt MLC sertifikat som dokumenterer godkjent standard på bu- og levetilhøve.

I fylkesrådmannen sitt saksframlegg vert verneombodet sitt notat lagt særskilt vekt. Kva står det så i dette notatet? Jau, at det spesielt om vinteren er det «kaldt og gjennomtrekk ved besøk og at innelufta er tørr. Det er vanleg å få Epossjuka dvs. forkjøling/sår hals om bord eller i etterkant», trass i at det er vanskeleg å dokumentere slik sjukdom etter turane.

Lindås bibliotek, som driv bokbåten i Hordaland, har i si HMS-evaluering konkludert med at deira tilsette er svært godt nøgde og at det ikkje er noko å utsetje på lugarstandard, kost eller hygiene.

Manglande universell utforming er også eit argument byråkratane nyttar for å avvikle Epos. Epos er sertifisert etter sjøfartsdirektoratet sine reglar som passasjerbåt med godkjente landgangar og passasjerfasilitetar. Det har aldri hendt at nokon med funksjonshemmingar har vorte igjen på kaia.

Prosessen med å avvikle bokbåten, som fylkesbyråkratane har starta, går føre seg utan at brukarane har fått informasjon eller har blitt høyrt.

Tilsvarande skjedde også hausten 2000 då fylkestinget i Møre og Romsdal gjorde vedtak om nedlegging. Dette utløyste eit kolossalt lokalt engasjement som starta på Bjørke med ei underskriftliste. I løpet av haustturen 2000 vart det samla mange tusen underskrifter.

Det er fylkestinget til ære at dei tok konsekvensen av dette engasjementet og fekk tenesta inn i budsjettet i 2001.

Det er no ei aktiv gruppe på Facebook med parolen «Ja til bokbåt i Møre og Romsdal». I skrivande stund har oppropet samla hundrevis underskrifter. Skrivaren oppfordrar alle som meiner det er viktig for utkantane at bokbåttilbodet ikkje vert lagt ned til å signere og dele aksjonen vidare.

Vidar Kursetgjerde
Pensjonert bokbåtbibliotekar med 42 års fartstid på Epos

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.