Møre og Romsdal er eit sentraliseringsfylke. Frå 1994 til 2015 vart 110 skular lagde ned i vårt fylke. Nummer to på lista, Nordland, miste 95 skular.

Mangel på skule gjer det mindre attraktivt å busetje seg i bygdene. Ein annan konsekvens av skulesentralisering er tap av språk. Ein av dei viktigaste grunnane til at nynorsken har mist terreng er nettopp skulesentraliseringa. Eit stor nasjonalt kulturtap.

Sjå video:

No les vi at bokbåten nok ein gong er dødsdømt. Når skal vi ta inn over oss at vi ikkje lever av vegar åleine? Ikkje ein gong i Frp-land. Vi treng kulturtilbod, særleg for barn, dei minst mobile av oss. Som tilsett i ei vikariatstilling på Ålesund bibliotek var eg ein gong med bokbåten på turné. Det var noko av det mest rørande og artige eg har vore med på. Spent ventande ungar og vaksne på kaia, glede og forventning. Og det var kjempefint å overnatte i lugar på båten. Kva i alle dagar er vitsen med hotellovernatting når ein kan bu på båten?

Eit anna viktig perspektiv når det gjeld bokbåten er, som Vidar Kursetgjerde nemner (Smp 9. feb.), at Epos har vore med på å halde fram og halde oppe nynorsk skriftkultur.

Det er dessutan spennande å få kome inn i ein båt full av bøker og med levande framføringar. Det er brot i kvardagen og ei ikkje-digital oppleving som vi òg treng. Vi treng å halde fram det som er vårt, ein original idé tilpassa eit kystdistrikt.

Kan vi ikkje vere samde om at noko av vårt eige særpreg skal få overleve? At det faktisk er noko både å verne om og stolt vise fram?

Aud Farstad Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.