Det er elleve år sidan stortingsmeldinga «Mål og meining» blei vedtatt, og den treng fornying. Meldinga skulle sikre norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk. Spesielt var ein uroa for påverknad frå engelsk og for stillinga til nynorsken. Språkstyrking skulle bli ein del av politikken i alle departement, med overordna ansvar hos Kulturdepartementet.

Nå lovar fireparti-regjeringa ny språkmelding og språklov. Noregs Mållag håper no på ei språklov som set varige spor, som femnar over alle samfunnsområde og seier noko om språkrettane til elevar, studentar og andre i same lov.

Mållova sikrar nynorsk godt på mange felt. Men lova er på nokre felt utdatert og laga før den rivande utviklinga i språklovgiving vi ser rundt oss i Europa. Noregs Mållag håper kulturministeren løftar blikket og nyttar høvet til å gi oss ei offensiv ny lov, som sikrar nynorsken betre og som tar utgangspunkt i at nynorsk og bokmål ikkje tevlar på likt grunnlag. Lova må styrke norsk språk og særleg styrke nynorsk som det minst brukte av dei to norske språka.

Før det blir gjort vedtak som får konsekvensar for nynorsken sin posisjon og nynorskbrukarane sine rettar eller mogelegheiter til å skrive nynorsk, må ein greie ut dei språklege konsekvensane. Om ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor, må det bli gitt ein god grunn for det.

Eit anna område der nynorsken i sterkare grad bør sikrast, er i kommunar og fylkeskommunar.

Dei er i dag heilt avgjerande for å halde oppe nynorsken og å sikre at nynorskbrukarane ser språket sitt i bruk dagleg. I dag står kommunar og fylkeskommunar heilt fritt til sjølve å avgjere sin eigen språkbruk. Eit enkelt politisk fleirtal eller eit einskilt administrativt vedtak er i dag nok for å vippe nynorsken ut av eit heilt lokalsamfunn.

Det må bli vanskelegare å svekke statusen til nynorsk i kommunar og fylkeskommunar, og staten må kunne utføre tilsyn med at innbyggarane får rettane sine oppfylte.

Magne AasbrennLeiar i Noregs mållag

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.