«Trygghet, kvalitet og respekt». Dette er Helse Møre og Romsdal sine kjerneverdiar. Det betyr at vi skal vise ansvar og respekt for pasientane, vere oppdaterte og framtidsretta samt stille høge krav til kvalitet på tenestene våre. Vere nære og engasjerte, og la openheit prege dialogar og samarbeid.

Den siste tida har det vore fleire beskrivande innlegg frå innsida av sjukehuset i Ålesund. Vi jobbar sjølve «på golvet» ved Ålesund sjukehus.

Kompetansen på avdelinga vår er høg, og vi er ein engasjert gjeng som kvar dag jobbar på spreng for å sikre trygg og god pasientbehandling. Kjensla er god når vi ved hjelp av fagkompetansen vår sikrar eit trygt pasientforløp frå start til slutt.

Tenkjer vi oss om, er det sjeldnare og sjeldnare vi kjenner på desse kjenslene. Vi kjenner at arbeidsoppgåvene veks, ressursane blir mindre og rammene smalare. Det blir mindre og mindre pasientkontakt. Det blir færre kliniske observasjonar, smil, augekontakt og gode samtalar.

Det er nesten så vi ikkje tør å spørje: «Korleis har du det?» eller «Kva er viktig for deg?» fordi vi ikkje har tid til å høyre svaret, eller tid til å oppfylle ønska. Og pasientane merkar det.

Klokka er bikka elleve, og morgonrushet er framleis til stades i avdelinga. «Berre ein pasient igjen som treng hjelp til morgonstellet», tenkjer sjukepleiaren som småspring nedover korridoren etter å ha tatt seg av den døyande mannen.

Ho bankar på døra, pustar djupt og set på smilet. «No skal du få hjelp til å stelle deg». Pasienten ser på sjukepleiaren og seier: «Du treng ikkje hjelpe meg. Sonen min kjem. Han kan hjelpe meg. Eg ser du har det travelt.» Sjukepleiaren roar henne, og seier at ho ikkje har det travelt, og veit at ho står og lyg til pasienten.

Den eldre dama ser på sjukepleiaren med fast blikk: «Eg kan sjå det i auga dine», seier ho.

Vi trur vi er gode skodespelarar, men vi er gjennomskua for lengst. Vi opplever at pasientane kvir seg for å spørje om hjelp i tilfelle dei er til bry.

I tilfelle sjukepleiaren må gjere noko som er viktigare. Det kan ikkje vere lett å liggje sjuk i ein korridor saman med fire andre, og skulle bruke messingbjella for å be om hjelp. På nattetid.

Sjukdom kan ramme kven som helst, og blir du innlagt som pasient og treng hjelp, skal du på ingen måte måtte unnskylde deg. Dei som må unnskylde seg er dei som har sett dei økonomiske rammene for helseføretaket. Dei som fordeler dei økonomiske midlane, og dei som set vilkåra for korleis dei skal brukast.

Det er dei som har ansvaret for å seie unnskyld. Unnskyld for all ventinga du må gjennom. Unnskyld for at vi ikkje har tid til deg. Det står så fint i målsetjinga for Helse Møre og Romsdal at vi skal sikre likeverdige tenester med god kvalitet tilpassa pasientane sine behov innanfor dei rammene vi har fått.

No må noko gjerast med desse rammene. Vi treng eit system der det er balanse mellom etterspørsel og tilbod.

Vi må ha sjukepleiarar som kan sitje saman med den døyande mannen, og ikkje springe inn – og ut av rommet på grunn av samtidskonfliktar. Vi må ha nok sjukepleiarar slik at kvinna som ligg og ropar om hjelp fordi det har gått så langt tid frå ho ringde med bjella til nokon kom, skal få hjelp til rett tid. Lite veit ho om at alle sjukepleiarane på avdelinga jobbar på spreng for å ta seg av den akutt dårlege pasienten på naborommet.

Tallause avvik er sendt i mange år, i forsøk på å betre pasientbehandlinga og arbeidstilhøva på avdelinga. Svaret er at vi må sjå på rutinane og arbeidsprosessane våre. Nye prosjekt, nye arbeidsgrupper. Vi blir oppmoda til å «jobbe smartare». Lett å seie, men utfordrande å gjennomføre når færre hender skal ta unna stadig fleire pasientar og arbeidsoppgåver.

No skal det skjerast ned, kuttast og sparast. Det er ikkje noko nytt. Vi «på golvet» kjenner på dette kvar dag, og veit kor skoen trykker. Vi manglar personell. Vi manglar utstyr. Vi manglar sengeplassar. Vi manglar plass til å gjere jobben vår.

Løftar vi det endå høgare ser vi at det er ei interessekonflikt. Ei konflikt om fordeling av økonomiske ressursar.

Vi veit – og kjenner på, at det er sjukepleiemangel. Denne vil auke i åra framover. Om under 20 år kan vi, ifølge ferske tal frå Norsk Sykepleierforbund, mangle 30.000 sjukepleiarar.

Fleire sjukepleiarar har stått fram i media det siste året, og fortalt at dei har slutta i jobben grunna dei kritikkverdige arbeidsforholda i helsevesenet. Vi har sjølve fått kjenne på kroppen at 16 av våre dyktige og erfarne kollegaer har «hoppa av ekspresstoget» det siste halvanna året.

Nokon ønska vidareutdanning, men dei fleste orka ikkje det høge arbeidstempoet, verdikonfliktane og det dårlege samvitet over å ikkje kunne gi eit tilfredsstillande pasienttilbod. Det vart nok.

Slik tilstanden er no, er ikkje arbeidsforholda ved Ålesund sjukehus gode nok til å halde på erfarne, dyktige sjukepleiarar. Dette er alvorleg. Noko må gjerast med rammene som styret vårt skal jobbe med og innanfor. Rammene må vere slik at sjukehusleiinga kan skape berekraftige arbeidsforhold, som kan gjere sjukehuset til ein attraktiv arbeidsplass. Rammene må vere slik at pasientane opplever tryggleik, kvalitet og respekt i kvart eit ledd i pasientforløpet.

Om du skulle bli sjuk, lagt i korridor med messingbjella på nattbordet, må vi på vegner av leiinga og dei rammene dei har fått, unnskylde. No ringer vi i bjella saman med deg for at du skal få eit best mogeleg pasienttilbod i Møre og Romsdal.

Gro-Anett Pedersen og Kathrine Grande RøsvikFor sjukepleiarane ved Medisinsk sengepost 1, Ålesund sjukehus

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.