Lesarinnlegg:

«Urettmessig eigedomsskatt»

Realiteten er at ein har «gira» opp drifta med eigedomsskatt

Frank Sve

Fylkesleder i Møre og Romsdal Frp, Frank Sve.  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

«Straks akkumulert underskot var dekt inn, skulle eigedomsskatten fjernast.» Dette var lovnaden frå kommunestyret sitt fleirtal då eigedomsskatt på hus, hytter og industri vart innført med 4 promille i Stranda.

No går Stranda kommune ut av ROBEK etter 2018 rekneskapen, og akkumulert underskott er dekt inn. Kommunen har i dei åra eigedomsskatten har vore, teke inn årleg omlag 15 millionar kroner. Kommunen har i realiteten gått med reelt overskot i drifta berre i eit år.

Dei andre åra, også i 2018, har drifta gått med betydelige underskott, i 2018 med omlag 7 millionar.

Dette sjølv om dagens Sp-ordførar, har nytt godt av historiske høge statlige overføringar til kommunane frå dagens regjering – og historisk låg rente. I 2018 får Stranda kommune eit historisk godt driftsresultat med ca 19 mill kr.

Dette er ikkje på grunn av at kommunen si drift er i overskot, men på grunn av 15 millionar i eigedomsskatt, ekstra skjønnstilskot frå fylkesmannen og heile 7,3 millionar i tilskot frå staten gjennom havbruksfondet.

Ved normal drift hadde kommunen fått eit overskot på ca 8,5 millionar i 2018, men når kommunen tek inn over 15 millionar i eigedomsskatt, betyr dette eit solid underskot i ordinær drift. Realiteten er at ein har «gira» opp drifta med eigedomsskatt, noko det aldri var meint at eigedomsskatten skulle brukast til.

I budsjettet for 2019, har Sp, Ap og KrF igjen auka drifta, med nye 7-8 millionar. Dette betyr at når kommunen no går ut av ROBEK, så er heile eigedomsskatten på 15 mill kr, låst fast i «oppgira» kommunal drift.

Lovnaden om at eigedomsskatten skulle kuttast umiddelbart når akkumulert underskot var dekt inn, er med andre ord grundig broten.

Med dagens drift, ser det med andre ord ut til at Sp, Ap og KrF har tenkt å vidareføre eigedomsskatten i Stranda kommune til evig tid!

Frp, Høgre og Venstre røysta imot dette. Vi ser ingen grunn til at eigedomsskatten skal fortsette i vår kommune, og krev denne svært så usosiale og unødvendige skatten fjerna.

Frank Sve
1. kandidat til Stranda Frp

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.