Vi lokallaga i Herøy, Ulstein, Ørsta, Volda, Sande og Vanylven Senterparti støttar dei tilsette og pasientane ved Mork rehabiliteringssenter.

På Mork kan ein tilby ei tverrfagleg behandling på ein stad. Det som er tenkt å komme i staden for Mork er 20 nye senger på Ålesund sjukehus, så blir pasienten sendt heim så fort som mogeleg til behandling i heimkommunen. Det vil seie 2–3 gangar behandling i veka med fysioterapeut, noko som vil ikkje vil vere ei fullverdig behandling som denne pasientgruppa treng for å bli så friske som mogleg.

Kommunen kan ikkje følge opp og gi pasientane det same heilskaplege behandlingstilbodet som på Mork, og pasientane si utvikling og moglegheit til å klare seg sjølv og gå ut i jobb igjen, vil derfor bli kraftig redusert. Slik vi ser det, så vil dette ramme både pasientane og kommunehelsetenestene.

Vi ser ingen helsemessige eller økonomiske fordelar ved å stenge ned dette tilbodet. Vi støttar derfor pasientane og dei tilsette ved Mork og vi ber derfor om å behalde Mork rehabiliteringssenter, slik det er i dag.

Frank-Roy MoltuLeiar Herøy Sp, for lokallaga for Senterpartiet i Herøy, Ulstein, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.