I Sunnmørsposten 26. februar 2019 blir siste nytt om arbeidet med fjordstien, som Ålesund kommune starta opp i 2009. Prosjektleiar Sigmund Aklestad opplyser her at «Når alle søknader er godkjent, setter vi i gang med de siste 850 meterne fram til Geileberget».

Då er vel alle søknader godkjende, då? I alle fall er raseringa av naturskogen på Geileberget i skrivande stund godt i gang. Dette var den siste naturskogsresten på strekninga frå Bogneset og austover. Mellom anna er her registrert naturtypane rike hasselkratt og svartor-sumpskog, sistnemnde ein av dei sjeldnaste skogtypane i Møre og Romsdal i den forstand at det er snakk om et svært avgrensa totalareal.

No veit eg ikkje om kommunen har brydd seg med å gjere eit søk i Naturbase. Om dei så hadde gjort ville dei oppdaga at her er registrert eit skogsområde på 13,3 daa med mellom anna gammal svartorskog. Kommunen kunne òg ha kikka i rapportane om naturmangfaldet i Ålesund, utarbeidde av meg og finansierte av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men dei har vel støva ned ein stad? Miljødirektoratet sin nettstad seier dette om Naturbase: «Naturbase gir deg kartfesta informasjon om utvalde område for natur og friluftsliv. Kartet er nyttig for mellom anna kommunale planleggjarar, konsulentar, grunneigarar og lokalt reiseliv».

Enda meir tvilsamt er det om kommunen har gjort seg kjent med Artskart, som gjennom artsdatabanken samlar og stadfestar artsinformasjon for heile landet.

På Geileberget, akkurat der kommunen har planlagt ein parkeringsplass, er det registrert ein del framandartar i høg kategori på svartelista. Eg ser lista ikkje er heilt oppdatert. Poenget er uansett at dei irreversible inngrepa som allereie er gjort her vert framandartane sin nye motorveg vestover. Det er slik naturen fungerer, og frøspreiinga kan ikkje stoppast. Her vil både platanlønn, parkslirekne, diverse hekkspireaer og mykje anna svineri få ein fin snarveg til vidare utbreiing.

Kommunen kan sjølvsagt beklage, bortforklare og skulde på mangt og mykje, slik dei plar gjere kvar gang det dukkar opp noko kritikkverdig. Det speler eigentleg inga rolle i denne saka, for her er allereie eit lite stykke naturskog øydelagt for all framtid. For slikt finst ikkje avbøtande tiltak, heller ikkje for vankunne.

Dag Holtan Feltbiolog, Ørskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.