Skal verkeleg Ålesund kommune enno ein gong tvinge dyr ut frå sentrum? Dei flotte gamle trea i Helleborgparken og trea i nabohagen er soverommet til kråkene som bur og flyg blant oss i sentrum, i tillegg til spurv, linerle og av og til ein gauk.

Korleis vil det gå med dei viss det skal byggast to nye hus framfor dei, og viss skogen deira skal bli gjort om til ein landskapsarkitekt-skapt park? Og kva vil skje med dei flotte gamle trea?

Arkitekt Herdahl skreiv i sitt debattinnlegg at ho er bebuar på Aspøya og «gleder seg til» at kråkeskogen vår endeleg skal bli ein flott park tilgjengeleg som ei grøn lunge til glede for alle.

Ho skreiv at «Parken ligger godt til rette for å bli et fantastisk sted å være der folk i alle aldre kan møtes. Det er stille og solfylt, ligger lunt og skjermet til».

Det er stille og lunt der, ja. Men sol? Lite. Det er ikkje utan grunn at kråkene bur der!

Eg vil påstå det motsette: Å la hagen i Øwregata og trea få stå, og la naturområdet bak (Helleborgparken/Bersethagen/kråkeskogen) stå utan inngrep på trea er den beste utviklinga for fellesskapet. Både for alle som bur i Ålesund by (menneske og fuglar) og for dei som kanskje kan tenke seg å flytte hit i framtida.

Barnefamiliar vil ha hageflekk, og å kunne ha ein bakgardshage med port i midten av ein by er sjølve nøkkelen til å kunne ha eit urbant byliv.

Viss Ålesund kommune har som visjon å vere eit urbant midtpunkt på Nordvestlandet, og vil at folk skal busetje seg i sentrum, bør ein kanskje heller sjå til byar som har fått det til enn å sette sin lit til «den usynlege handa» og tru blindt på at nye bustader er løysinga på problemet.

Kommunen burde heller prioritere å behalde dei hagane, naturområda og dyrelivet som allereie er, og i dette tilfellet ekspropriere byvillahagen.

Tove Elise Thue Dale Deltidsbebuar i Øwregata, Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.