Rapporten om strukturendring i Statens vegvesen inneheld framlegg om store endringar i tilbodet dagens trafikkstasjon i Ørsta gir til innbyggarane i regionen. Trafikkstasjonen i Hovden i Ørsta tilbyr praktiske prøver for alle klasser, teoriprøver og forvaltningskontroll og andre kontrollar, både for lette og tunge køyretøy.

Gjennom lang tid er det bygd opp eit sterkt fagmiljø på MC og tunge køyretøy og det er bygd opp eit stort og velfungerande miljø av køyreskular i området.

Vi bur og verkar midt i ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion. Store samferdselsprosjekt har dei siste åra knytt regionen tettare saman. Det er dårleg samfunnsøkonomi dersom ein med den eine handa bygger opp og med den andre bygger ned. Foreslåtte strukturendringar vil føre til at for snart 100.000 innbyggarar på Søre Sunnmøre og Nordfjord blir næraste trafikkstasjon Ålesund eller Førde og som på grunn av fjordar krev ferje og store tidstap. Det same gjeld eit aktivt næringsliv som får betydelege ekstrakostnader.

På stadig fleire område ser vi ein aukande grad av sentralisering. Det fører til meir bruk av tid, tap av effektivitet og ein meir byrdefull kvardag for distriksbefolkninga. Vi oppmodar ansvarleg statsråd Jon Georg Dale til å lytte nøye til vårt syn og heller jobbe mot å finne kreative løysingar og auke utnyttinga av både kompetansen og bygningane knytt til trafikkstasjonen i Ørsta.

Jørgen Amdam, Karen Høydal og Sverre Leivdal Ordførar og ordførarkandidatar for Ap i Volda og Ørsta

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.