Ja, det skal bli ei sann fryd dersom Nye vegar AS får ansvaret for utbygging av E39 frå Ålesund til Molde. Det vil verte ei sann fryd, når vi alle slepp å lese side opp og side ned, der til dømes Møreaksen AS står fram med den einaste sanninga over alt og alle.
«Kostnadene og veiløsningene med ferjefri E39 er ute av kontroll»
Det vil verte ei sann fryd, å få oppleve at vegprosjekt vert reelt billigare. Ikkje slik som i dag med Statens vegvesen, der det som oftast vert betydeleg dyrare enn framlagde overoptimistiske kostnadsanslag.
Det skal bli ei sann fryd, å kunne få vurdert alle moglege byggemetodar, teknologiar, og der gåande, syklande og miljøet også vert teke omsyn til.
Det skal bli ei sann fryd, å kunne få gjennomført utgreiingar av både flytebruer, og andre traserer slik som til dømes Romsdalsaksen.
Det skal bli ei sann fryd, å oppleve at strekninga Ålesund-Molde, vert bygd ut til det beste for næringslivet, transportnæringa og for folk flest.
«Sannhetens time for nye vegprosjekt»
Det skal verkeleg bli ei sann fryd, å kunne nytte Nye vegar AS også her i fylket, noko Møre og Romsdal Frp har kjempa for lenge, og som vi reknar med kjem på plass så raskt som råd.
Frank Sve Fylkesordførarkandidat, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.