Senterpartiet var i sommar tydelege på at det er uaktuelt for dei å inngå i eit regjeringssamarbeid med Rødt og MDG. Det lovar bra, men kan ein gi denne garantien også på fylkesnivå?

Dersom Senterpartiet ser på Rødt og MDG som naturlege samarbeidspartnarar etter fylkestingsvalet i haust, er det ei avklaring partiet bør gjere raskt. Særleg sidan desse partia representerer den radikalisseringa som no skjer på norsk venstreside.

Det manglar heller ikkje på døme frå byar og kommunar der Rødt og MDG har ei hand på rattet. Erfaringa frå desse viser at sjølv om Rødt og MDG er «junior-støtteparti», så har partia dyktige forhandlarar som sikrar viktige gjennomslag og dreiar politikken i ei markant sosialistisk retning.

For Høgre står alltid innbyggjarane i sentrum. Vi er mest opptekne av å sikre eit best mogleg tilbod til dei som bur i fylket ved å føre ein innbyggjarretta politikk. Attraktive lokalsamfunn og eit næringsvenleg ja-fylke, grøne transportløysingar, ein betre og meir kunnskapsretta skule, samt velferdstenester som sett innbyggjarane sine behov fyrst - er Høgre sine viktigaste saker i denne valkampen.

Gjennomslag for desse sakene er viktigare enn dei ideologiske blokkene i rikspolitikken. At Senterpartiet også ser det som viktig med gjennomslag for politikken sin lokalt er opplagt, men spørsmålet er i kor stor grad denne politikken finn naturlege kompromiss med Rødt eller MDG. Høgre og Senterpartiet har lokalt hatt tradisjon for godt samarbeid til det beste for innbyggjarane i fleire kommunar og fylke. For Høgre er politikken det viktigaste, og det vil difor vere naturleg å drøfte eventuelt samarbeid også med Senterpartiet i Møre og Romsdal etter valet, men det er uaktuelt at det samarbeidet skal inkludere Rødt.

Senterpartiet hevdar sjølv at dei ikkje er eit sosialistisk parti. Det håper eg innbyggjarane i Møre og Romsdal også vil kjenne på kroppen etter valet. For Høgre er det ingenting i vegen for å samarbeide med Senterpartiet på fylkestinget i Møre og Romsdal. Då er vårt ynskje at Senterpartiet er meir lojale til eigen politikk og eigne veljarar enn dei er til Mette Nord og Fagforbundet.

Anders RiiseFylkesordførarkandidat, Møre og Romsdal Høgre

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.