«Heia Nordmøre!»

Av og til har eg undra meg over strategiske krumspring frå nordmørspolitikarar, både i sjukehuspolitikken og i fylkespolitikken.

Anders Folkestad.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ytring

Men denne gongen er det fullt forståeleg at dei protesterer, og seier nei til vidare samarbeid med Helse Møre og Romsdal.

Gjennom nedleggingar i føde- og rehabiliteringstilbodet har Nordmøre endå ein gong blitt taparar i ein sjukehuspolitikk ute av kurs.

Difor bør heile fylket støtte Nordmøre. Dei har vald ein krevjande strategi. Det er ikkje enkelt å melde seg ut av spesialisthelsetenesta. Men i denne saka har vi tydeleg fått illustrert at Helse Møre og Romsdal satsar på overkøyring, ikkje på samarbeid.

Møre Ap vil ha endringer i hvordan sjukehusene styres - fikk nei fra landsmøtet

Ap-leder Jonas Gahr Støre vil ha politikerne tilbake i sjukehusstyrene. Men Møre og Romsdal-utsendingen på Ap-landsmøtet nådde ikke fram med kravet om endringer i helseforetaksmodellen.


Sjølvsagt ønskjer verken direktøren eller styret i Helse Møre og Romsdal eit dårlegare helsetilbod i fylket. Dei er sjølve fanga både i ei systemfelle og ei økonomisk felle, underlagt både Helse Midt-Norge og helseministeren. Deira alternativ er å trekkje seg.

At helsetilbodet blir svekt er alvorleg. Men det er også alvorleg at sjukehusstyra, både i Møre og Romsdal og i Midt-Norge i praksis grip inn i fylkespolitikken. Helseføretaka og deira strategiar og vedtak svekker Møre og Romsdal, og har kraft i seg til å sprenge fylket. Nettopp det er det nok fleire som kan ha interesser av enten dei er sør eller kanskje særleg nord for fylket. For ikkje å seie i regjeringskontora.

Det er positivt at Fylkesutvalet vedtok ein samrøystes kritikk av helseføretaket. Dei omtalar innsparingane og forslaga som ei rasering av helsetilbodet i fylket. Dette er skarpt og prisverdig. Men det kjem i seinaste laget.

Helse Møre og Romsdal:

Helseministeren gir styret full ryggdekning for kuttforslagene

Helseminister Bent Høie måtte svare i Stortingets spørretime. Han ga styret i Helse Møre og Romsdal full ryggdekning for kuttforslagene.


Dei politiske partia i Møre og Romsdal har i denne saka dessverre lagt mest vekt på eigenmarkeringar og fragmenterte utspel. Utan ei samlande kraft frå dei politiske partia i fylket, er eg redd at Møre og Romsdal blir ein lettvektar i sjukehuspolitikken. Og dermed får nedleggings- og sentraliseringspolitikken gå sin gang.

Gjennom føretaksmodellen har Stortinget laga ei ordning der dei politisk ansvarlege kan trekkje seg tilbake og seie: Det er styra si oppgåve å styre. Dei har med andre ord gitt frå seg makta, og gitt «ansiktslause byråkratar» (Bent Høie sitt favorittord før han vart statsråd) fullmakt til å skalte og valte med velferdstilbodet og framtida for lokalsamfunna. Liknande gjeld også på andre sektorar.

Møtte Høie om helsekrisa

Den kritiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal var tema då Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H) møtte helseminister Høie (H).


Det må vere mogeleg å mobilisere til tverrpolitisk innsats for i det minste å ta tilbake noko av den politiske makta.

Vedtaket i fylkesutvalet var ein bra start. Men det må følgjast opp.

Anders Folkestad
Stranda

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.