Lesarinnlegg om helsekutt:

«Helse Møre og Romsdal og Sunnmørsposten»

Ålesund sjukehus.   Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg


Innbyggjarar i fylket vårt kan ha grunn til å spørje: Er Sunnmørsposten med på laget eller?

Rett nok har Sunnmørsposten gitt rikeleg spalteplass og omtale til alle som har ytra seg offentleg om innsparingstiltaka i HMR. Men Sunnmørsposten si eiga røyst har ikkje vore like klar og eintydig som folket si røyst.

Når nordmøringane gjer opprør, etter å møtt veggen når det gjeld dialog med systemet, kjem Sunnmørsposten på banen med sin peikefinger: De må ikkje melde dykk ut! De kjem lengst med dialog og samarbeid.

Møre Ap vil ha endringer i hvordan sjukehusene styres - fikk nei fra landsmøtet

Ap-leder Jonas Gahr Støre vil ha politikerne tilbake i sjukehusstyrene. Men Møre og Romsdal-utsendingen på Ap-landsmøtet nådde ikke fram med kravet om endringer i helseforetaksmodellen.


Akkurat som om dei ikkje har prøvd det i år etter år utan å få gehør!

Når det gjeld den mykje omtala føretaksmodellen så kjem Sunnmørsposten med eit slags forsvar av den: «Den har riktig nok eit lite minus og det er eit såkalla «demokratisk underskudd» men den har greidd å gjera sjukehusa budsjettansvarlig!»

Vel, dette demokratiske underskotet er i eigne ord: «Helseministeren kan dekke seg bak lag på lag av direktører. Dette kan skape avmakt».

Men dette er jo hovudgrunnen til at føretaksmodellen i sin noverande form har ført til dagens krise.


Det enkelte helseføretaket har ingen mynde. Det er styrt av et hierarki av toppleiarar som bestemmer ressurstilgangen. For HMR sitt vedkomande fører det til nedleggingar og overføring av funksjonar. Og helsepersonell sluttar fordi dei ikkje lenger er motivert til å gjere jobbane. Det går an å spare seg til fant, heiter det!

Det var å håpe at Sunnmørsposten kunne gje si tilslutnad til det som dei aller fleste har uttalt: Hovudproblemet er manglande ressursar og ei bevisst underfinansiering av helsesektoren!

Finn Ørstavik
Ørsta

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.