Debatten går høgt om vindkraftutbygging. Dette var tema for eitt av innlegga eg skreiv til landsmøtet i SV nyleg. Etter å ha høyrt nesten-sambygding Lothepus i debatt med olje- og energiministeren, må eg seie meg samd med han.

«Vi må satse på bølgekraft før vi bygger fleire vindmøller på land», sa han.

Eg tenker særleg på utbygging av ny fornybar energi, der både vasskraftutbygging og vindkraft kan kome i konflikt med sårbar natur og viktige leveområde for ulike arter. Massiv satsing på bioenergi kan og ha sine negative sider, slik ein glimrande kronikk av tre av SV sine dyktige stortingsrepresentantar nyleg synleggjorde.

Diverre ser det og ut til at også havvind kan ha negative følgjer for livet i havet.

Det biologiske mangfaldet og intakte økosystem er bokstaveleg talt livsviktige.

Eg treng ikkje ramse opp alt naturen gjev oss, og kor avhengige vi er av den.

Det eg trur vi har ein tendens til å undervurdere, er kor viktig naturen er for å førebygge dei mest dramatiske følgjene av klimaendringane, og til å reparere skadane.

Eg er verken imot vindkraft eller bioenergi, men SV må stå fremst i kampen for at utbygging av fornybar energi alltid må vegast nøye mot andre interesser. Og – det aller viktigaste: Energi- og ressurssparing må gjennomsyre all aktivitet. Den mest miljøvennlege energien er den som ikkje blir brukt!

Ingrid OpedalMiljøpolitisk kontakt i Møre og Romsdal SV

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.