Styreleiar i ÅRIM, Reidar Andresen, har ein kronikk i Sunnmørsposten den 5. april. Her skildrar han utfordringar og framtidstankar innan avfallshandtering i selskapet – tankar og utfordringar som ikkje berre gjeld ÅRIM, men oss alle både nasjonalt og internasjonalt.

Andresen vil sende matavfallet til eit regionalt biogassanlegg og nytte gassen til drivstoff for bussar og renovasjonsbilar. I den grad dette kan føre til at ein nyttar mindre fossile brennstoff til busstransport og til innhenting og transport av avfall, vil ein oppnå reduserte utslepp av klimagassar.

Om prosessen med å lage biogass er energikrevjande og fører til at ein må flytte store mengder avfall over store avstandar, vil ein slik eventuell gevinst bli redusert.

Er fornybar elektrisitet ei reell alternativ drivstoffkjelde for person og avfallstransport, blir der ingen klimagevinst.

Lagar ein biogass av matavfallet reduserer ein ikkje mengda av klimagassar. Biogass er eit bidrag til å redusere auken av eit problem, ikkje ei løysing. Alternativet er kompostering.

Moderne komposteringsmaskiner lagar kvalitetskompost av matavfall på kort tid i ein miljøvennleg prosess.

Frå tørkesumaren i fjor hugsar nok mange grønsaksåkeren som ikkje hadde tørkeskade. Denne åkeren var eit forsøk på regenerativt landbruk.

Dette er metodar for matproduksjon som unngår den utarming av jorda som moderne industrialisert landbruk lett fører til. Regenerativt landbruk bruker store mengder kompost og har den konsekvens at karboninnhaldet i molda vert auka – dyrkingsforma inneber karbonfangst. Altså at ein bidreg til å løyse problemet med klimagassar, ikkje berre redusere auken. Etter kvart som slike nye dyrkingsformer grip om seg, aukar behovet for god kompost.

Metoden representerer ei robust, produktiv og berekraftig dyrkingsform som altså direkte bidreg til å løyse klimautfordringane.

Omlegging av avfallsordninga med matavfall som ein eigen fraksjon stiller auka krav til abonnentane. Samstundes vil det kunne innebere auka kostnader. Av omsyn til dei som skal gjere sorteringsjobben og som til sjuande og sist må betale rekninga, pliktar både ÅRIM og andre renovasjonsselskap å studere alternative metodar.

Ingen er tent med at ein tek avgjerder med omfattande konsekvensar utan å ha greidd ut alternativa skikkeleg.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.