Bompengar:

«Kva står du for, Dale?»

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).  Foto: Toril Myren

Vi er mange i Møre og Romsdal som er spente på kva du står for, Dale, om du stør eller sviktar folket og dine partifellar i fylket vårt

Lars Valderhaug
Ytring

Samferdselsminister Jon Georg Dale, 3. mai sa du på TV2 at du skal gjere alt for å redusere bompengane. Din partileiar har tidlegare sagt: «Får vi regjeringsmakt, så skal jeg ihvertfall love at vi henger opp skilt på hver eneste bomstasjon i dette landet hvor det skal stå: Gratis så lenge Fremskrittspartiet sitter i regjering».

Listhaug forsøkte å stoppe Carl. I Hagen, men tapte

Frp med gigantisk bompengeløfte - alle bommer skal bort

Sylvi Listhaug talte Carl I Hagen midt i mot, men klarte ikke stoppe Hagens forslag om å bruke oljefondet til å fjerne alle vegbommene i landet.


Som vi alle veit, dette har ikkje skjedd. Dersom bompengane i det minste skal reduserast, er første steg på vegen å redusere dei utgiftene som samfunnet sit att med etter at bompengeperiodane er over, for det er grenser for kva summar fellesskapet kan ta på seg av framtidige kostnader til samferdselstiltak. Då skulle ein forvente at du ville snu kvar stein som er mogeleg å snu for å få ned kostnadane på alle dei svært kostbare prosjekta som er under planlegging, som til dømes kryssing av Moldefjorden/Romsdalsfjorden.

Men her sit du og din partileiar stille i båten, trass at det er lagt fram tal som klart tyder på at Møreaksen blir vesentleg dyrare å byggje enn Romsdalsaksen, og himmelvidt mykje dyrare å drifte, vedlikehalde og renovere i all framtid. Dette vil generere så store summar, at det er umogeleg å ha ei oppfatning av storleiken. At det vil tappe framtidige generasjonar for pengar som truleg ikkje renn like lett inn i statskassa som dei siste åra, bekymrar ikkje dette dykk?

Ålesund Frp setter makt foran bompenger

Frp kan godta en bypakke for å få makt i nye Ålesund. – Vi ønsker å være med å styre byen, sier andrekandidat på Frp-lista Håkon Strand.


Men dersom det blir fleirtal i det komande fylkestinget i ditt heimfylke for å greie ut Romsdalsaksen, då stør du vel fylkestinget i dette? Noko anna ville vere direkte sensasjonelt, og du ville ha øydelagt for ditt parti i Møre og Romsdal i overskodeleg tid, samt ditt eige omdøme. Og dei som hevdar at Frp taler med to tunger ville då fått vatn på mølla. Det er kva du gjer i praktisk politikk som tel, ikkje korleis du preikar. Vi er mange i Møre og Romsdal som er spente på kva du står for, Dale, om du stør eller sviktar folket og dine partifellar i fylket vårt.

Lars Valderhaug
Tustna

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.