Ei stor takk til «The North West», til Sunnmørsposten og KS som arrangerte debattmøtet om lokaldemokratiet. Ein særleg takk til professor Halvard Vike. Lokaldemokratiet er det reelle folkestyret. Både det regionale og nasjonale demokratiet er mindre folkestyrt.

Eg synest det var ille at Venstre, som kjempa fram folkestyret, skulle vere ute av Stortinget. Derfor gjekk eg inn i partiet i 1991. I 16 år kjempa eg for «eit reelt og levande folkestyre». Sosialistane (Ap/SV) har sosial fordeling som si hjartesak, høgresida (H/Frp) har individet sin fridom som si. Det gamle Venstre (i dag sentrumspartia V, KrF og Sp) var og er sosialliberale parti der hjartesaka framleis burde vere «eit reelt, levande folkestyre». Frukta av sosialistisk styring er ein dyr og byråkratisk «formyndarstat». Frukta av høgresida vert ei kapitalstyrt «klassesamfunn» der dei rike vert rikare og dei fattige fattigare. Faren med begge er eit elitestyre som gradvis tar livet av folkestyret.

Professor Vike åtvara mot at politikarane i fylke og stat overstyrer lokalpolitikarane. Mister lokalpolitikarane makta, mister folket interesse for lokaldemokratiet. Utviklinga dei seinare åra har gått i den retninga. Vike meinte lokaldemokratiet i Norge var hovudårsaka til det gode samfunnet vi har utvikla.

Ytringsfridomen er grunnlaget for folkestyret. I mange land i Europa er ytringsfridomen under press frå styresmaktene. Å ytre sur kritikk og «hat» mot politikarar er og ein trussel mot folkestyret. Massemedia har vorte massens media, og vert ofte misbrukt til mobbing og hatutsegn.

Vigra Kringkaster kan verte «eit senter for ytringsfridom og demokrati». I 2012 underskreiv Telemuseet og den nye grunneigaren ein intensjonsavtale om dette. Telenor forhindra det. I 2015 ville heller ikkje Riksantikvaren hindre at sendarbygget vart rive. Riksantikvaren la ansvaret på Giske kommune. Vigra-sendaren er den einaste nasjonale storsendaren i Norge som kan takast vare på. I 2015/16 utarbeidde Telemuseet ei ideskisse om «eit senter for ytringsfridom og demokrati». Vi har fått ca. 0,5 million i støtte frå Norkring og Telemuseet for å samle og ta vare på trehusa og historia frå 1924–48 på eit område ved det rivingstruga sendarbygget.

I 2018 gav så også Giske kommune Norkring løyve til å rive bygget. Planen var at rivinga skulle starte 1.8. 2018. Fylkeskonservatoren stoppa dette.

Norkring har tilbydd sendarbygget gratis + 1,5 millionar (riving-kostnader) til dei som kan gi bygget eit meiningsfylt og levedyktig liv vidare som «eit senter for ytringsfridom og demokrati». Venneforeininga har gjort alt vi maktar. Vi meiner dette er eit samfunnsansvar for Giske og Ålesund kommune, fylket, rikspolitikarane, Riksantikvaren og Telenor. Norkring har klaga på rivingsstoppen. Saka ligg no hos Miljøverndepartementet og Riksantikvaren til endeleg avgjerd.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.