Vi nærmar oss kommunevalet 2019. Listene er klare. For oss som no skal verte ein del av ei mykje større kommune, er dette valet spesielt. Slik også for meg, busett i Ørskog.

Det nye kommunestyret i Ålesund skal har 77 medlemar – eit svært høgt tal. Dei 13 listene til valet er på plass. Parti og grupperingar har etter regelverket snikra saman listene. Mange kandidatar å velje mellom? Både ja og nei. Etter å ha gått gjennom listene, finn eg at over 60 av kandidatane er kumulerte. Dei har fått eit solid forsprang på resten av listekandidatane.

Eg går til vallova. Som veljar kan eg gje ein eller fleire kandidatar tilleggsstemme, men å stryke namn på lista har ikkje verknad. Stryking er ikkje ein del av vallova sine prinsipp. Eg kan også gje kandidatstemmer til eit avgrens tal kandidatar på andre lister.

Eg sit att med spørsmålet? Kvar vert det av folkestyret, demokratiet, veljarane sin innverknad? Gjennom partia sine listeoppsett og vallova sine reglar er veljarane sin innverknad mykje avgrensa. Dette trur eg er sterkt medverkande til at valdeltakinga går nedover – snart berre 50 prosent!

Botemiddel: Få lengst mogeleg vekk alle former for førehandspremiering til mange av listekandidatane (kumulering). Veljarane må få høve til både å stryke og gje tilleggsstemme til kandidatar på vallista du har funne fram til.

Vi må også få «plukke» kandidatar frå andre lister.

Her har mange ein oppryddingsjobb å gjere føre valet i 2023!

Godt val!