Plast er eit framandelement i naturen. Dessverre viser det seg at fuglar, pattedyr og fisk stundom ser på plast som næringsemne og et det. Enden på visa blir at desse stakkarane døyr når dei får nok i seg av det slaget. Dei kan også hekte seg fast i materiala og gå ein smertefull død i møte.

Det er derfor prisverdig at mange vil gjere ein innsats for å bli kvitt rotet som hopar seg opp overalt i fjøra. Men der er eit stort men...

Akkurat no er det hekketid for fuglane, og desse er ekstra ømtålelege på denne tida. Her hekkar fuglar alle stader langs strendene våre, sjølv om mange artar gjer lite ut av seg. Stundom kunne ein tru at der ikkje er fugl, men dei er der ofte likevel. Dei kan smyge seg av reiret lenge før folk er komne fram og vere heilt stille, eller dei kan lage eit stort leven.

Fuglar som hekkar i strandsona, der ryddeaksjonane stort sett går føre seg, kan vere ærfugl (raudlista), gravand og andre ender eller grågås. Vadefuglar som raudlisteartane vipe og storspove kan og halde til der. Andre vadefuglar som hekkar i strandsona kan vere tjeld, raudstilk, strandsnipe, myrsnipe, steinvendar og sandlo. Så har vi måsar og terner. Fleire av desse er raudlisteartar. Tjuvjoen skal ein heller ikkje gløyme. Arten er sterkt trua.

Kva skade kan strandryddinga gjere? Mykje folk samla på eit relativt lite område kan verke avskrekkande for mange artar. Er det tidleg i eggleggingsperioden, kan dei lett sky reiret. Blir opphaldet over fleire timar, som dessverre ofte skjer, kan egga bli kalde og fosteret inne i egget kan døy. Allereie klekte ungar kan fryse i hel. Er det sterkt solskin, kan foster i egg og allereie klekte ungar regelrett døy av heiteslag.

Når mange leitar etter rusk og rask kan egg og ungar lett bli trakka ned. Stundom kan ein fjerne ein gjenstand som eit fuglepar har gøymt reiret sitt under. Då er det øydelagt. Enkelte egg har ikkje vernefarge, f.eks. hos ærfuglen. Blir fuglen skremd av, kan reiret då lett bli oppdaga av predatorar som kråke, skjor eller ramn. Og bli rana av dei. Finn ein reir med dunteppe rundt egga (f.eks. andereir), bør ein faktisk breie duna over egga og gå derifrå. Då er egga vanskelegare å sjå, og kolnar ikkje så lett.

Det som ideelt sett bør gjerast, er å arrangere desse dagane utanom hekketida for fuglane. Tida frå 01. april til 15. august blir rekna som hekketid, men det kan vere variasjon langs kysten vår. Kva er vitsen med å rydde i naturen når delar av økosystemet blir forstyrra og desimert pga. ryddeaksjonane i hekketida?

Det er kjempeflott at det blir rydda langs strendene våre, men ikkje til ein kvar pris. Rydding i hekketida for fugl bør ikkje førekome. Det vi kanskje til slutt sit igjen med då, er ein fattigare natur, og det er vel ikkje det som er meininga?