I mitt arbeid som reisande gjennom 35 år hadde eg alltid hatt glede av å lese lokal- og regionsaviser der eg til ei kvar tid har vore. Ekstra kjekt har det vore å lese saker med lokalt innhald, og registrere at problemstillingane har mykje til felles same kvar ein er.

Mediebiletet har endra seg mykje dei seinare åra og kravet til at alle må formulere seg med få ord har auka.

Samfunnet elles har også endra seg, og stendig fleire firma, politiske parti og organisasjonar held seg i dag med eigne kommunikasjonsrådgjevarar som er betalte for å produsere stoff, som fremjar oppdragsgjevarane sine interesser.

Desse partsinnlegga vert distribuert til mange redaksjonar, og publiserte i mange av landets aviser.

Dei profesjonelle aktørane har etter kvart fått eit langt større innpass på debatt- og lesarsider, skriv oftast godt og poengtert, og held seg sjølvsagt innanfor tillaten lengde.

Som lesar var det likevel ikkje kjekt å kome heim på ein fredagskveld, lese vekas Sunnmørspostar, og sjå at fleire av innlegga har eg sett i 2–3 aviser før, anten eg hadde vore i Rogaland, Hordaland eller i Trøndelag. Denne utviklinga fremjar etter mitt syn ikkje mediemangfaldet.

Så må eg vedgå at inspirasjonen til dette innlegget kjem etter at eg på ein høfleg (trur eg) måte har avslege å redigere ned eit innlegg som eg sende til Sunnmørsposten.

Innlegget var eit forsvarsskrift til pelsdyrnæringa som skal leggast ned, og ein refs til unnfallande politikarar som etter mitt syn er i ferd med å påføre landet ein næringspolitisk skamplett.

Pelsdyrnæringa har etter mitt syn fått særs mykje ufortent hets og trakassering mot seg, og når grupper eller enkeltindivid vert behandla på ein, etter mitt syn, simpel og urettvis måte, så verken evnar eller ynskjer eg å uttrykke meg på ein tabloid måte.

For meg kjendest det difor ut som Sunnmørsposten denne gongen bad meg om å amputere ein frisk fot, og erstatte den med ei protese. Det er sjølvsagt til å forstå at avisene må ha grenser, men ved å gjere desse heilt fastlåste, så kan dei kome i skade for å favorisere dei profesjonelle og betalte aktørane, framfor amatørane som stundom treng nokre fleire ord for å uttrykke seg.

På ein måte kan Sunnmørsposten, slik eg ser det, også kome i skade for å gå ærendet til dei politikarane og aktivistgruppene som i desse dagar ynskjer minst mogeleg støy og merksemd kring nedlegginga av pelsdyrnæringa.