Det er planlagt åtte store vindkraftturbinar på Haramsøya. Dei skal ifølge siste høyringsuttalar frå Haram kommune ha ei totalhøgde på 150 meter og rotordiameter på heile 136 meter. Desse vert plassert langs kanten på den ca. 300 meter høge fjellryggen på Haramsøy. Vindturbinar, vegar og anlegg med slike dimensjonar vil setje store spor i øylandskapet.

Vindkraftutbygginga har vorte selt inn som tiltak for å redusere klimagassutslepp. Fleire og fleire er kritiske til verdien av som klima- og miljøtiltak. Det er liten samanheng mellom ustabil vindkraft og utfasing av fossil kraft i Europa. Ny kunnskap syner at vindkraftverk har større miljøkonsekvensar enn ein trudde for få år sidan.

Vindkraftverk på Haramsfjellet vil truge biologisk mangfald på Nordøyane, midt i hovudtrekkruta for fugl og eit habitat for eit rikt fugleliv. Ei utbygging vil difor vere bakstreversk med omsyn til tilstandsrapporten gitt ut av Det internasjonale naturpanelet (IPBES).

Erfaringar frå Smøla syner at havørn og mange andre fuglar er svært utsette for kollisjon med vindturbinar. Haramsfjellet er leveområde for fleire freda rovfuglar. Rovfuglar er ekstra sårbare for vindkraftanlegg plassert slik langs kanten av ein langsgåande fjellrygg (Notat Faggrunnlag fugl, Miljødirektoratet, Nasjonal Ramme for Vindkraft 2017-2018). Med fleire verneområde og fuglefredingsområdet på strandflatene på Nordøyane vil det vere klokt å halde heile dette landskapsområdet fritt for vindkraft.

Mykje tyder på at det er først og fremst å tene pengar på å selje vindkraftverket vidare som er forretningsideen til Zephyr AS. I orientering til Kommunestyret i Haram sist veke var Zephyr AS opne om at det er ein føresetnad for utbygging å få inn internasjonale investorar. Zephyr AS har planar om å få finske Taaleri Energia inn i prosjektet ganske raskt.

Samfunnet betaler for gildet med tapt livskvalitet i bu og friluftsområdet. Konsekvensutgreiinga syner at turbinane gir ulemper med skuggekast og støy nær bustader. Ulla og Ullahammaren er noko av det mest verdifulle kulturlandskapet vi har i fylket, og anlegget vil verke svært dominerande og øydeleggande for landskapet. Flem, Haramsneset og naturreservatet på Stavneset vil også få dette i nærleiken. Fare for iskast vil gjere at turveg opp på Ulla og over fjellet blir stengt på kalde dagar. Rødt i Ålesund er mot vindkraftutbygging av Haramsfjellet. Noreg bør heller satse på mindre inngripande måtar å produsere kraft på, og samtidig ta vare på det landet har av kraftverk og linjenett.