Alkohol tek livet av fleire enn aids, tuberkulose og vald til saman. Kvart tjuande dødsfall i verda har samanheng med alkohol, og mange får helseproblem og redusert livskvalitet. Dette går fram av ein rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) (hausten 2018).

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

fyllekøyring drep kvart år 370.000. Altfor mange lir av konsekvensane av alkoholbruk. Det gjeld vald, skade, mentale problem og sjukdomar som kreft og hjerneslag. WHO ber difor medlemsland om kreative løysingar for å redusere alkoholbruken. Det vert nemnd høgare avgifter, kontroll med utestadar og reklameforbod. Vi veit at slike tiltak verkar. Alkoholpolitikken vår har verka til at forbruket i Noreg er mindre enn i mange andre land. Det er all grunn til å ta vare på ein restriktiv alkoholpolitikk som regulerer tilgangen til alkohol. Dette er naudsynt med omsyn til folkehelsa.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no

WHO vil sette alkoholproblema på dagsorden i alle land. Frivillige organisasjonar sin innsats gir breiare mobilisering og innsats. IOGT gjev informasjon om alkoholproblema og arbeider for å redusere alkoholkonsumet, og viser og ansvar og solidaritet med dei som strevar med alkoholforbruket sitt. Det å vere med i eit arbeid som kan vere til hjelp for mange, er eit privilegium.

Per-Arne Lillebø og John Almendingen

IOGT Region Midt-Norge