19. mai kunne ein lese om ein mann som ikkje har det så greitt, han er omgitt av idiotar. Noko som må kunne seiast å vere ganske traudig. Men det er noko som heiter at blant like har ein det godt, så eg vil anbefale ein kikk i spegelen, så kanskje ting vert litt betre.

Ordbruken er frisk og tema mange, men kva som er meininga bak er heller uklart.

Dyb gremmast over lettkrenkte sosialistar som ikkje vil verte omtalt med skjellsord, før han til slutt ror det heile inn på eit skvalpeskjer på flo sjø.

Det må jo trass alt må finnast betre argument i ein debatt enn å gå på personkritikk skriv han. Sjølvmotseiinga er komplett.

Eg er sjølv ein av dei som har tatt eigarskap til omgrepet «jævla sosialist» på fjesboka. Dersom det er ein merkelapp høgresida så gjerne vil gi meg, så skal eg bere den med stoltheit.

Kva Frp ynskjer å oppnå med ordbruken veit eg ikkje.

Men eg ynskjer eg dei lukke til med knusing og anna dei har føre seg.

Dyb meiner at eg må heim å lese historie. Det er fint. Dei som ikkje kjenner si eiga historie er jo dømd til å gjenta den. Og det er det som er i ferd med å skje. Vi har nærast utrydda både kval og fisk før, og no er vi på veg dit igjen. Ikkje med harpun og nót, men med plast og miljøgifter.

I Noreg har CO2-utslepp auka med 3 prosent sidan 1990. I Sverige har dei gått ned med 26 prosent. I Europa ned 21,9 prosent. Vi er nest dårlegast i Europa. Kina aleine investerer meir i fornybart enn alle andre samla.

Og i Tyskland er mengda fornybart oppe i 50 prosent. Resten av verda har positiv utvikling, det har ikkje vi.

Vi er eitt av dei landa i verda som er best rusta, men under dagens regjering når vi ikkje ein gong våre eigne vedtak. Det er direkte flaut.

Så må ein gjerne diskutere vindmøller og vasskraftverk, og om diskolys langs kysten.

I Noreg har vi gode kompetansemiljø på offshore. Dette bør vi utnytte inn mot havvind. Men det er betre med diskolys på kysten og vasskraft, enn ein kokt klode. For kvar kWh rein energi vi produserer, kan andre produsere mindre urein energi.

Straumkablar går heldigvis over landegrenser på lik linje med temperaturauke og klimaflyktningar.

Dyb insinuerer vidare at borna til IS-foreldre, berre kan ha det så godt. Sidan så mange andre born heller ikkje har det så greitt, treng vi ikkje bry oss. Spesielt sidan det kostar pengar å ta inn einsamkomne asylsøkjarar. Dette gjer meg forbanna.

Det vitnar om eit menneskesyn som ikkje høyrer heime nokon plass.

Born kan ikkje klandrast for foreldra si framferd. Som meg er Dyb sjømann, difor bør han vite at ein alltid skal hjelpe nokon som er i naud.

Ein spør heller ikkje skipbrotne om foreldra deira er snille, før ein tek dei om bord.

Og om Dyb no ynskjer eit betre ordskifte og mindre polarisering, så tilrår eg at han les over innlegget sitt.

Å kalle unge, engasjerte for «stappmette ungdomspolitikarar som aldri har gjort det slag» er forkasteleg.

Dyb må gjerne forsøke å stå fram som heidersmann, men det vert flaut når ein ikkje ter seg deretter.

Gjermund Kvernmo Langset

Idiot, styrmann, student, leiar i Astud Ålesund og kandidat for Ålesund Arbeidarparti

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.