Sidan ministeren nyttar Sunnmørsposten som kommunikasjonskanal gjer vi det same. Heilt sidan i februar har vi bedd ministeren å møte representantar for styringsgruppa for bypakken i Ålesund eller ordføraren i Ålesund, for ein dialog om bypakken. Vi har foreslått møter i Ålesund eller Oslo – eller andre stader der ministeren har vore på farta. Og ministeren har som kjent vore i Ålesund tre gonger denne våren – men noko møte om bypakken og om føringane i Nasjonal Transportplan (NTP) har det ikkje vore mulig å få i stand.

Derfor har vi valgt å stole på det som står i NTP, og det ministeren har sagt i samband med andre bypakkar om lokaldemokratiet si sterke stilling. Seinast no i helga, då du vart konfrontert i media med dei høge bompengesatsane i Oslo, viste du til at det er byrådet i Oslo som har ansvaret for det. Så lenge lokale og regionale styresmakter står saman om byvekstavtalar eller bypakkar har ministeren støtta lokale avgjerder, sjølv om det har vore høge bompengesatsar. Også det statlege vegvesenet – med Vegdirektoratet på toppen - har late til å tolke ministeren slik. Har ikkje lokaldemokratiet same status her hos oss? I så fall, kvifor har ikkje samferdselsministeren gripe inn og stoppa samferdselsprosjekt andre stader i landet mot lokale vedtak – der bompengesatsane er høgare enn det vi snakkar om for bypakken i Ålesund?

Tvil

Men vi har vore i tvil. Det skal seiast. Møtet med din statssekretær Tommy Skjervold i september i fjor var både langt og grundig. Der vart det også stilt spørsmål frå Vegdirektoratet om korleis Ålesund hadde tenkt å oppfylle planane som låg inne i NTP for Vegsund-Breivika. Brevet vi mottok frå Skjervold etter dette møtet gjorde oss både trygge og usikre. På den eine sida vart «lokalt selvstyre» og «samråd med Statens vegvesen» understreka – og på den andre sida vart «samlede bompengebelastning på forsvarlig nivå» vektlagt. Det var nettopp dette vi ville ha ei avklaring frå ministeren på.

Kanskje ministeren meiner vi har vore tungnemme? At vi burde ha forstått tidlegare? Som sagt har styringsgruppa vore i tvil – og temaet har derfor vore drøfta fleire gonger. Vi har konkludert med at vi har staten med på laget, nettopp på grunn av formuleringane i NTP, og forsikringane frå Statens Vegvesen om kor styrande NTP er for deira arbeid. Frå departementet har vi berre fått høflege svar om at ministeren dessverre ikkje har hatt høve til å møte oss. Vi tolka dette slik at du kom til respektere og støtte lokale vedtak, så lenge pakken er økonomisk berekraftig og har solid støtte frå dei tre involverte partane: fylkeskommunen, kommunen og Statens Vegvesen Midt.

Så smell det

Så smell det heile i media. Med tre dagars mellomrom. Same dag som formannsskapet skal behandle bypakken, kjem leiaren i transportkomiteen med konkrete råd til kva dei folkevalgte i Ålesund bør vedta. Dette skjer gjennom uttale i Sunnmørsposten. Deretter, ei knapp veke før saka skal avgjerast i bystyret, står ministeren fram i same avis med si klare åtvaring: «Samferdselsminister Jon Georg Dale vil ikke akseptere en bypakke i Ålesund som er større enn den kommunen fikk godkjent i 2016.» Sjølv om vi gjerne skulle sett at ministeren hadde møtt oss tidlegare tek vi ministeren på høgste alvor. Vi oppfattar det no slik at den absolutte ramma for bypakken i Ålesund skal vere rundt 3,4 mrd. kroner. I klartekst betyr dette ikkje berre at strekninga Vegsund-Breivika må ut, men også at Brosundtunnelen i bysentrum ikkje kjem med i pakken no. Vi er tilbake til 2016 med ein bypakke i 2 trinn over minimum 25 år.

Det statlege bidraget til bypakken slik den er utforma i dag er på 24 prosent. Dersom den statlige andelen vart auka ville bompengeandelen gå ned. Vi veit at i fleire byvekstavtalar rundt om i landet er staten inne med 50%. Strekninga Vegsund-Breivika er statleg veg, og oppgåva til ministeren er å få denne strekninga bygd i tråd med vedtatt NTP – altså innan 2029. Sidan du no er så tydelig om rammene for bypakken forventar vi også at du er tydeleg på når og korleis Vegsund – Breivika skal realiserast – med eller utan bompengar. Ålesund og regionen er i sterk utvikling, og vi er på overtid med å få på plass eit betre transportsystem. Dagens bypakke ville vore eit spenstig byks for å realisere dei tre store vegprosjekta våre, og nedbetale dei på 15 år. I tillegg til alle dei mindre prosjekta.

Vil kome i gang så snart som råd

For oss er det aller viktigaste no å komme i gang med bypakken snarast råd. Dette har vore haldninga vår heilt sidan 2014. Derfor har vi også prøvd å legge best mulig grunnlag for kompromiss og brei politisk dialog om bypakken. I dagane fram imot bystyret er hovudfokuset vårt å legge fram ein pakke som kan få tilslutning i bystyret, og deretter gå vidare til fylkestinget i Møre og Romsdal i juni. Eit eventuelt krav frå Statens Vegvesen om å få pakken tilbake til ny fagleg vurdering, kan medføre at bypakken for Ålesund vert tatt av sakskartet til fylkestinget i juni, og ikkje rekk å bli behandla i denne fylkestingsperioden heller. Det vil i så fall vere eit nederlag for ei heilt nødvendig utvikling av regionen vår.

Eva Vinje Aurdal (Ap), ordførar i ÅlesundTore Johan Øvstebø (KrF), varaordførar og leiar for styringsgruppa for bypakken i ÅlesundSvein Rune Johannessen (Ap), gruppeleiar for Arbeiderpartiet i ÅlesundAnders Lindbeck (SV), bystyrerepresentantJarle Hauge Steffensen (MDG), bystyrerepresentant