Det har lenge vore klart at bruken av bompengar var i ferd med å legge ei klam hand over menneske og distrikt i det ganske land. I mange år har storparten av dei politiske partia gått inn for det eine prosjektet etter det andre. Ingen har tilsynelatande tatt det overordna ansvaret. Kva totalbelastinga vart for enkeltmenneske har ikkje spelt noko rolle.

Smellen måtte komme. 2019 vart altså året då mange politiske parti måtte realitetsorientere seg og uro for resultatet ved det kommande lokalvalet var tydeleg å registrere.

Sjølv innbitne tilhengarar av bompengar, vart plutseleg klar over at belastninga for enkeltfamiliar no var blitt for høg. Etter mitt skjønn lite truverdig, men valet er ditt. Bypakken for Ålesund var no altså kommen opp i nesten 7 milliardar. Bompengane skal dekke om lag 5 milliardar. Det er forunderleg at vi i dette landet bygde vegar utan bruk av bompengar og landet var ikkje på langt nær så velståande som no. Slik det ser ut no i dag så vil fleire gå inn for GPS-prising. PDK vil ikkje støtte denne løysinga av fleire grunnar. For det første gir vi då slipp på ei binding mellom betaling og prosjekt.

Alt blir då sausa saman og kva som helst kan då bli lagt inn i denne typen betaling. For det andre har du eit aspekt med overvaking gjennom dette systemet. Det betyr at nokon vil kunne vite kor du er til ei kvar tid og eit slikt overvakingssamfunn er eg ikkje sikker på om du er tent med. PDK går ikkje inn for det. Vi meiner det er det offentlege som har ansvaret for å bygge vegnettet vårt.

Vi meiner det er klokt å satse tungt på utbygging av slik infrastruktur. Vi meiner vi bør omdisponere deler av oljeformuen til investering i infrastruktur her heime.

Derfor vil vi gå inn for gradvis avvikling av bompengar og vil ikkje godkjenne nye prosjekt basert på denne ordninga.

Ole G. Steen1.-kandidat PDK Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.