Eg har over tid vore heldig å fått jobbe ved Sjøholt DPS i det ambulante teamet. Dei har imponert. No er eg tilbake i jobb ved Ålesund behandlingssenter, poliklinikken. Vi samarbeider, vi tilviser innimellom til Sjøholt DPS og vi jobbar godt i lag.

Eg har sjølv erfaring frå psykiatrien i Møre og Romsdal. Eg er kritisk til den. Fordi den i stor grad bygger på ein biomedisinsk forståing i møte med menneske i krise, og mange pasientar i Møre og Romsdal er i dag overmedisinert til det invalidiserande…

Siste tida har ho hatt Christian Hagen i lag med seg som psykiater/overlege. Mild, fin og fagleg dyktig. Dei to har løfta pasientar, slik at ein sit at i undring. Kva er det dei gjer? Eg som står på utsida ser og følgjer pasientar frå min ståstad, og har eit kritisk blikk ut frå eigen erfaring.

Sjøholt DPS har for meg vore framtida til psykiatriske pasientar i Helse Møre og Romsdal. Eg ser kompetansen som er der, eg ser ut frå min fagkompetanse og mine erfaringar. Min konklusjon er at det er galskap at Sjøholt DPS skal leggast ned!

Sengeposten ved Sjøholt DPS har for meg over mange år vore håpet og framtida for psykiatrien her i fylket. Frå min ståstad (jobba med rus/psykiatri i området sidan 1998) god innsikt. Eg har og eigen erfaring som pasient og overlevd ein biomedisinsk lukka psykiatri, utan evne til å ta pasienten sitt perspektiv.

Eg har sett pasientar kome inn og fare derifrå, fått oppfølging og livet har endra seg. Dei har blitt møtt med respekt frå eit fantastisk miljøterapeutisk personale som bryr seg, involverer seg og er til stades i livet til den enkelte. Og Sjøholt DPS har hatt tunge, alvorlege saker. Samstundes som dei har hatt tanke for den gode relasjonen si betydning og vore der som ein bauta for pasientar over mange, mange år.

Når dei no blir nedlagt, då blir livsberande relasjonar for kanskje den mest sårbare gruppa vi har av pasientar, utradert ved eit pennestrøk. Kven har ansvaret, kven tek ansvaret? Eg er lei meg, og eg vil rope høgt; dette er heilt feil!

Sjøholt DPS er ei base for mange menneske som innimellom kjem i krise. Eg veit kva livsberande relasjonar betyr for eit menneske. Takk for det dykk har vore, og g skam til avgjerda om å legge avdelinga ned! 1. august er det slutt? De vil bli eit sakn, ein DPS som var på rett veg.

Inger-Mari EidsvikÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.