Takk til styrmann Langset for tilsvar på mitt «idiot» innlegg. Det er fint med tilbakemelding, og så vonar eg han er litt meir presis med loggføringa ombord enn i tilsvaret til meg. Det er lov og verte provosert det var vel meininga og. Men at eg driv med personsjikane går eg ikkje med på.

Om styrmann Langset og andre måtte kjenne seg att som idiotar, så har ikkje naboane deira det frå meg i allfall. Elles tenkjer eg meir på Arbeiderpartiet som sosialdemokrater enn sosialistar.

Tala til Langset når det gjeld utslepp går eg ikkje god for, men når Tyskland betaler norske kraftprodusentar for løyve til å kalle kolkrafta si norsk fornybar energi, og vi tek kolkrafta i byte. Ja då ligg «idiot»-begrepet langt framme.

Eg kjøper heller ikkje ideen om at kloda snart kokar, og det er ein grunn til at IPCC gjekk ifrå begrepet Global warming til Climate change. Nettopp fordi dei siste 20 åra har det ikkje vore noko global warming å snakke om. Den eine klimamodellen etter den andre viser seg å ikkje halde stikk. Og heile klimahysteriet ligner meir og meir på ein plan for omfordeling. Det blir ikkje mindre utslepp av å betale for det. Og sola styrer med klimaet på jorda nett som ho vil.

Eg hadde nok vore meir tilhengar av vindmøller dersom eg trudde det hadde noko for seg. Men eg trur ikkje det.

Sidan 80-talet har vindkraft vore lansert som framtida fleire gonger. Og med stort sett dårleg resultat. Viktigaste ankepunkt er subsidiert ustabil forsyning og kostnaden og utsleppa med å sørve, særleg dei store havparkane, gjer heile greia til eit tvilsamt prosjekt. Då har vi mykje meir å hente på effektivisering av eksisterande og nye vasskraftverk. Og det er rett nok at Norge har et høgt energiforbruk pr innbyggjar og det har i hovudsak å gjere med at vi har kalde årstidar stort sett heile året. Så reint utsleppsmessig burde vi snarare reise sørover alle mann, enn å hente ein mellomstor norsk by til landet kvart einaste år.

Når det gjeld IS Kvinnene og borna deira er det eit døme på kva konsekvensar våre handlingar kan få. Ei norsk jente har site fengsla åtte år i Bolivia, fordi ho var dum nok til freiste seg som narkotikasmuglar. To born har ho hatt med seg bak murane og.

Eg har ikkje lagt merke til nokon kampanje for denne familien frå riksmedia og politikarar. Kvifor balar vi med reiseforsikring til dømes, dersom regjeringa likevel har ansvar for å ordne opp for oss?

Geir Arne Dyb Godøya

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!