Byvåpenet til Ålesund må bestå som det er i den nye kommunen, meiner Ålesund KrF i programmet sitt.

Ålesund sitt byvåpen har ei lang historie. Ålesund KrF trur det blir eit samlande symbol for den nye kommunen på ein framifrå måte.

Våpena til Sandøy, Haram, Ørskog og Skodje har ei kortare historie, medan Ålesund sitt er frå byjubileet i 1898. Heile den nye kommunen skal utan store utfordringar kunne identifisere seg med byvåpenet til Ålesund, mellom anna fordi dei fire andre våpena også har i seg motiv knytt til sjøen. Ålesund byvåpen er dermed samlande for alle i den nye kommunen.

Vi er midt i den spennande og utfordrande skipinga av nye Ålesund kommune. Fem kommunar skal frå nyttår vere samansmelta til ei eining. Det betyr eit større kraftsenter i vesle Møre og Romsdal fylke, og som i framtida blir betre rusta til å kive med dei andre bykommunane langs kysten om vidare vekst, og om å yte endå betre tenester til sine innbyggjarar.

Eit av dei viktigaste måla for reforma er å styrke lokaldemokratiet. Det er ei utfordrande oppgåve for ei geografisk spreidd kommune, som i heile prosessen framover må få høgste prioritet.

Haram kommune vart til dømes slegen saman med tvang på tvilsamt grunnlag. Dette er historie, men vi trur og voner at haramsborgarar flest i dag er meir innstilt på å skulle høyre til i det større fellesskapet og ta del i byen Ålesund som trass alt gjennom lang tid har vore byen vår.

Det er ei viktig sak der vi i KRF altså ikkje ser behov for noko blankt ark; det er den nye kommunen sitt våpen eller symbol. Byvåpenet må bestå.

Slik det er utforma vil alle dagens kommunar kunne identifisere seg med det, og den nye kommunen vil vere med på å bringe ei innhaldsrik, felles historie vidare.

Dette skal kvinner og menn i heile den nye kommunen stolt bere på blusen sin eller jakka si.

Åge VikestrandArnt-Ove TenfjordÅlesund KRF

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!