Mange fine og velmeinande formuleringar og sterke ord har blitt sett på papiret og underskrive av politiske organ, nasjonar og organisasjonar for å kunne bidra til trygge og gode oppvekstvilkår for born og unge rundt i verda. Likevel kan vi dagleg lese og høyre om barn som langt frå har det godt. Skilnadene frå land til land, frå kontinent til kontinent, frå gruppe til gruppe og frå familie til familie er til dels svært store. Krig, vald, svolt, mishandling og familiar på flukt omfattar også dei yngste og mest sårbare mellom oss. Det gjer vondt å sjå barnesoldatar og barn som er sterkt underernærte. Mange hjelparar finst, men hjelpa når dessverre ofte ikkje fram til den einskilde. Vi står som hjelpelause tilskodarar til mykje av desse lidingane.

Mi enkle oppmoding til kvar enkelt og alle politikarar: finne fram Barnekonvensjonen, les denne, Norge har skrive under, kva forpliktingar kviler på oss i høve IS-barn (og foreldra). Konklusjonen bør vere enkel og lett utan at eg skal bruke spalteplass på svaret!

Ragnar Elias BakkenØrskog

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!