Rådmannen i Volda er ute i avisa Møre laurdag 1. juni og seier at det nye kommunestyret må avgjera kva som skal verta noko av av dei store byggjeplanane til Volda kommune. Raudt Volda er opptekne av å gje innbyggarane i kommunen eit alternativ i kommunestyret. Vi meiner det trengst nokon som er i opposisjon til kulturhuskameratane.

I denne perioden har alle partia i kommunestyret røysta for ein avtale om «stram økonomistyring» som inneber at strukturendringar innan helse og omsorg og skule og barnehage - altså nedleggingar – må til, for å få råd til ungdomsskule og kulturhus (kommunestyremøtet 14. februar). Altså – trass i at politikarar gret når skular vert lagde ned i Volda, vil den «stramme økonomistyringa» dei har vedteke, skvise drifta av skular, barnehagar, helsetenester, barnevern (med meir) til eit nivå som berre akkurat er godt nok til å oppfylla lovpålagde krav.

Denne avtalen vil Raudt røysta for å skrota om me kjem inn i kommunestyret. Me meiner det er mykje viktigare å behalda fungerande skular, barnehagar og einingar innan helse og omsorg, enn å byggja kulturhus. Då vert det heilt feil at over 200 millionar av investeringsprogrammet på 630 millionar kroner skal gå til å byggja kulturhus. Tida er overmoden for å fjerna kulturhuset frå kommunen sin økonomiplan, gjerne permanent.

Kulturhusplanen bind opp både økonomi og fokus: Samstundes som bygda diskuterer kulturhusplanane, står nemleg fleire av dei kommunale barnehagane og forfell, og er truga med stenging om få år. Her trengst det at kommunestyre, rådmann og voldasamfunnet ser verdien av å halda på gode barnehagar og gode fagmiljø i kommunen – til det beste for ungane våre! Eller skal vi venta og sjå på at vi får ein situasjon som liknar den vi har med symjehallen i dag? Den same situasjonen kan vi få på ungdomsskulen etter at planane om nybygg vart torpedert av eit samlokaliseringsforslag med nettopp kulturhuset.

Raudt Volda meiner at det å skjera ned på drift og investering i skular og barnehagar for å byggja kulturhus, er å kasta bort det som faktisk er Volda sin kultur – nemleg utdanning for alle.

Gudrun Kløve JuuhlOrdførarkandidat Raudt Volda

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vi treng å byggja barnehage, ungdomsskule og symjehall, men ikkje kulturhus, skriv Gudrun Kløve Juuhl, ordførarkandidat Raudt Volda. Foto: Knut Arne Aarset