Dei konservative og sosialdemokratane har ikkje lenger fleirtal saman i EU-parlamentet. Kva konsekvensar det får kjem an på kven dei kjem til å samarbeide med. I det norske Stortinget, så hadde det også vore gledeleg viss Arbeidarpartiet og Høgre ikkje hadde fleirtal saman, som dei har hatt sidan 1927. Rett nok har dei som oftast vore usamde, men i til dømes EU-saka, så har dei vore samde. I staden for å klage på at EU-kritiske høgreparti hadde framgang i valet til EU-parlamentet, så bør ein heller beklage at sentrumspartia, som skal vere liberale, støttar eit føydalsystem som EU.

«Eit handlingsramma parlament manglar kraft til å ta fatt på dei store utfordringane, (…), men kan også utfordre europeisk samanhengskraft». Gje makta tilbake til dei nasjonale regjeringane. Det negative her er at andre institusjonar har meir makt enn parlamentet, eit parlament der Noreg hadde fått 16 røyster av over 700 viss vi hadde vore medlem. EU bestemmer politikk for medlemsstatane. Viss usemje fører til at medlemane ikkje respekterer vedtak i EU-systemet, men lagar sin eigen politikk i nasjonalforsamlingane, og det på sikt fører til EU sin undergong, så ser eg på det som positivt.

«Vi treng nære allierte». Det vert ei tid etter Trump, anten neste haust eller fire år seinare, og då får vi vel tru på NATO igjen? På handelsområdet har vi WTO, så EU er eigentleg ein overflødig organisasjon, så viss EU vert nedlagd, så er det positivt.

Medlemskap i EØS kostar. Kva får vi igjen for det, som vi ikkje får med å erstatte den avtalen med frihandelsavtalen frå 1973? At EU kanskje kan gå mot ei oppløysing er positivt. Det negative er at det er så vanskeleg å få til Brexit, men det lukkast vel til slutt? Det hadde vore enklare å løyse opp heile EU no når ein er i gong, i staden for at ein og ein stat melder seg ut.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!