I Sunnmørsposten 18. juni har varaordførar i Midsund (V), Frits Inge Godø eit innlegg under «debatt» om samferdsel som konkluderer med at Møreaksen er miljøvenleg og framtidsretta.

Innlegget har ei innleiing om omstilling til grøn vekst som eg vil slutte meg til. Men så kjem ein del argument som ikkje følgjer opp innleiinga, og som til dels er sjølvmotseiande. Først blir det argumentert med at sjøtransport (ferjer) er langsamt og kostbart, men så følgjer eit nytt avsnitt som argumenterer for at sjøtransport er samfunnsøkonomisk gunstig og i tillegg miljøvenleg.

Miljø og sikkerheit

I klimarekneskapen for Tautratunnelen er det viktig å ta med utsleppa i utbyggingsfasen i tillegg til utsleppa frå særleg tungtrafikken i ferdig tunnel. Sikkerheita og regulariteten i tunnelen må også takast med, med eitt løp i første omgang og stengingar på grunn av uhell og vedlikehald. Det er vel endå usikkert korleis det går med veg vidare frå Vik i Vestnes.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no! Blir vegen i første omgang bygt frå Molde til Vik, blir det 37 km lengre veg mellom Molde og Vestnes enn det vi har i dag – og det er vel mange som skal den vegen.

Eg forstår ikkje den koplinga, men er heilt samd i at tungtransporten opp Romsdalen burde vore flytta over til jernbane, og snarast mogleg med elektrisk drift.

Fordelen med innlegget til Godø er at no veit vi at Molde Venstre går inn for bygging av Møreaksen, og det snarast mogleg.

For å gjere det heilt klart nok ein gong: Molde MDG (Miljøpartiet Dei Grøne) går mot både Møreaksen og Romsdalsaksen og går inn for framleis ferjesamband med snarast mogleg omlegging til elektrisk drift.

Det er berekraftig og framtidsretta.

Jens Peter Ringstad3.-kandidat Molde MDG

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!